Her er ferie- og fridagane for neste skule- og barnehageår

Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune

Barnehage- og skulerute for Bjørnafjorden kommune skuleåret 2023–2024 er administrativt vedtatt.

Sjå barnehage- og skuleruta for 2023/2024

Framlegget til barnehage- og skulerute for grunnskulen har vore ute på høyring. Vi fekk ikkje inn nokon høyringssvar.

Vegen fram til vedtatt rute:
Barnehage- og skuleruta for grunnskulen skal utformast som lokal forskrift, jf. oppl
æringslova §2-2. Høyringspartar har vore grunnskulane i Bjørnafjorden kommune, organisasjonane og skulane sine rådsorgan, representert ved FAU og SU.

Vi sende òg til barnehagane og deira organisasjonar og rådsorgan.

Vi bad skulane og barnehagane om å distribuere dokumenta vidare til medlemane i barnehagen eller skulen sine rådsorgan. Andre som ønskte å uttale seg om framlegget til skulerute, kunne òg gi høyringsuttalar. Høyringa blei kunngjort på Bjørnafjorden kommune sine nettsider.

Til toppen