Her er fri- og feriedagane for neste skule- og barnehageår

Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune Gå til barnehage- og skuleruta for 2022/2023

Bakgrunn: Slik blir barnehage- og skuleruta bestemt

Barnehage- og skulerute for Bjørnafjorden kommune skuleåret 2022–2023 er administrativt vedtatt.
Barnehage- og skuleruta for grunnskulen skal utformast som lokal forskrift, jf. opplæringslova §2-2.
Høyringspartar har vore grunnskulane i Bjørnafjorden kommune, organisasjonane og skulane sine rådsorgan, representert ved FAU og SU. Vi sendte òg til barnehagane og deira organisasjonar og rådsorgan.

Vi bad skulane og barnehagane om å distribuere dokumenta vidare til medlemmane i barnehagen eller skulen sine rådsorgan. Andre som ønskte å uttale seg om framlegget til skulerute, kunne òg gi høyringsuttalar.
Høyringa blei kunngjort på Bjørnafjorden kommune sine nettsider. Det kom inn tre høyringssvar. Ingen av framlegga til endringar i høyringsuttalane blei tatt til følgje.

Til toppen