Hurtigtesting i staden for karantene for barn og unge

Klikk for stort bilete Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune Barn og unge som har vore nærkontakt til ein koronasmitta person, treng ikkje lenger gå i karantene. I staden kan dei bli testa med korona-hurtigtest etter eit fastsett opplegg.

NB: Dersom nærkontakten har opphalde seg heime hos den smitta eller tilsvarande nær (er kjærast eller bestevenn), vil regelen om karantene framleis gjelde.

Barn i barnehage og elevar i barneskule og ungdomsskule vil få hurtigtestar for testing heime. Elevar i vidaregåande skule vil bli hurtigtesta på skulen.

Utdeling av hurtigtest

Barn/unge som kan få karantenefritak, vil få korona-hurtigtest med heim frå skulen/barnehagen for sjølvtesting. Ved vidaregåande skular blir sjølvtestinga gjennomført skulen. Dei som har vore nærkontakt på fritida, kan få utdelt hurtigtest på:

  • Kolskogen teststasjon
  • Eikelandsosen legekontor

Slik er testopplegget etter smittekontakt
 

Testopplegg etter smittekontakt
. Barn i barnehage og barneskule (inntil 12 år, samt 13-åringar på barneskulen) Ungdom over 13 år (ungdomsskule, vidaregåande)
Ved kjent kontakttidspunkt: Testing i løpet av dag 3-5 Testing etter 3 og 5 dagar
Ved ukjent kontakttidspunkt eller kontakt over tid: Første test så raskt som mogleg (dag 1) og deretter ein ny test på dag 3-5 Første test så raskt som mogleg (dag 1), med ytterlegare to testar med 48 timars mellomrom (dag 3 og 5)


Gjennomføring av heimetesting

Barn og unge som skal testast, bør halde avstand til kvarandre fram til første test er negativ.

Hurtigtesten skal tas med ein penselprøve i nedste del av nasen (om lag 2 cm inn). Stikk bomullspinnen inn til bomullsdelen ikkje lenger er synleg.  Nærmare brukarrettleiing ligg i testpakken. Du kan òg finne brukarrettleiing her: 

Dei to hurtigtesttypane er nærmast identiske, men brikkene ser litt ulike ut.

Sjå denne filmen frå Trondheim kommune/Rana kommune om korleis føresette utfører hurtigtest på barn.

Kva skjer ved positiv hurtigtest?

Då er koronasmitte sannsynleg. Positiv hurtigtest skal bekreftast med ein vanleg test på teststasjonen. I mellomtida skal barnet/ungdomen gå i isolasjon, og uvaksinerte husstandsmedlemmar i karantene. For vaksinerte gjeld andre reglar, sjå fhi.no.
Ved positiv hurtigtest skal ein alltid ta kontakt med smittesporingsleiaren i Bjørnafjorden kommune på telefon 908 34 884.

Kva skjer ved negativ hurtigtest?

Då er barnet/ungdomen fritatt frå karantene.
Unntak: Viss barnet/ungdomen er eller blir forkjøla, har sår hals, hoste eller feber, så er koronasmitte likevel mogleg. Då skal barnet framleis vere i karantene og bestille vanleg test på teststasjonen. Uvaksinerte husstandsmedlemmar skal vere i ventekarantene til testsvaret er klart. For vaksinerte gjeld andre reglar, sjå fhi.no.

Hugs at smittevern framleis er viktig!

Sjølv om barn og unge no ikkje lengre treng gå i smittekarantene, er det framleis viktig med god hand- og hostehygiene. Alle som er sjuke, skal halde seg heime.

Les meir på helsenorge.no.

Til toppen