Influensavaksine til alle

Kelly Sikkema/Unsplash Torsdag 16. desember kan alle som ønskjer årets influensavaksine møte opp til gratis massevaksinasjon i Oshallen eller Fjord'n senter. 

Tid og stad

Oshallen og Fjord'n senter kl. 8.15-11.30

Slik bestiller du time

  • Timebestilling på helsenorge.no Logg inn og vel Timeavtaler. Klikk deretter på Bjørnafjorden kommune Vaksinasjon. Vel stad og klokkeslett.

eller

  • kom på drop-in mellom kl. 8.15 og 11.30

Siste sjanse

- Vi har framleis ein god del vaksinedosar att. Dersom du tilhøyrer ei av målgruppene for influensavaksine, og enno ikkje har tatt han, er det viktig at du nyttar sjansen neste torsdag.
Samstundes opnar vi opp for alle andre som ønskjer influensavaksine. Vi vil gjerne bruke opp alle dosane Bjørnafjorden kommune har fått tildelt, seier vaksinekoordinator i Bjørnafjorden kommune, Nina Norheim Oen.

Les meir om sesonginfluensavaksinen på fhi.no

Til toppen