Informasjon om koronavaksine til ungdom 12-15 år

Klikk for stort bilete Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune Ungdom får oftast mild koronasjukdom. Nokre få kan bli alvorleg sjuke. Vaksine beskyttar mot alvorleg koronasjukdom.

Les også: Koronavaksine til 12-15-åringar i Bjørnafjorden kommune

Om vaksineringa

Det er frivillig å ta vaksine. Føresette må vere einige i at du får vaksine. Last ned samtykkeskjema.

Ungdom mellom 12 og 15 år får éin dose. Dersom du har hatt korona, treng du ikkje vaksine. Vaksinen blir sett med sprøyte i overarmen. Sei frå om du er redd for sprøyter, så vil den som vaksinerer ta ekstra omsyn.

Kor godt verkar vaksinen?

Ungdom får god beskyttelse mot alvorleg koronasjukdom tre veker etter første dose. Følg smittevernråda sjølv om du er vaksinert.

Korleis verkar vaksinen?

Vaksinen lærer kroppen å kjenne igjen koronaviruset og å beskytte deg mot sjukdom. Kroppen hugsar korleis den kan forsvare deg mot viruset.

Dette er vanlege biverknader

  • Vondt på stikkstaden
  • Trøyttheit
  • Hovudverk
  • Vondt i kroppen
  • Frysningar og feber

Desse biverknadene er ubehagelege og ofte kraftigare enn etter andre vaksiner, men går over etter få dagar.

Dette er uvanlege biverknader

Alvorlege biverknader er svært sjeldne. Sjeldne biverknader som allergiske reaksjonar og hjartebetennelse kan behandlast om dei oppstår. Vi følgjer nøye med på om det skulle oppstå ukjente biverknader. Kontakt lege, helsesjukepleiar eller anna helsepersonell om du får uvanlege, kraftige eller langvarige symptom etter vaksinasjon.

Kva er ein vaksine? Korleis fungerer vaksinar? Kvifor vaksinerer vi oss mot korona?

Sjå korte filmar om koronavaksinasjon på norsk, engelsk, arabisk og polsk

Her kan du lese Folkehelseinstituttet si vurdering og anbefaling av vaksine til ungdom i alderen 12-15 år.

Kjelde: FHI

Til toppen