Ingen nærkontaktar smitta på Luranetunet

Klikk for stort bileteEtter at ein tilsett ved Luranetunet bu- og behandlingssenter fekk påvist smitte laurdag 31. oktober, blei ti bebuarar og fem tilsette sett i karantene og testa for covid-19, fordi dei har hatt nærkontakt med den smitta.

Testsvaret er negativt for alle dei 15 nærkontaktane.

- I samsvar med rettleiarane frå FHI må alle nærkontaktane vere i karantene til og med 8. november, sjølv om testsvaret er negativt. I tillegg er det eigne retningslinjer for sjukeheimar, som gjer at bebuarane skal testast på nytt seinare i veka. Men alt tyder heldigvis på at dette har gått bra. Eg vil rose bebuarane, pårørande og dei tilsette på Luranetunet for korleis dei har handtert denne spesielle situasjonen seier assisterande kommuneoverlege, Jonas Nordvik Dale. 
 

Til toppen