Kom med dine innspel til kulturminne i Bjørnafjorden

Klikk for stort bilete Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune Fortidsminneforeininga - Bjørnafjorden lokallag og Bjørnafjorden kommune inviterer til opne møte om kulturminne og kulturarv, 21. og 23. september klokka 19.

  • Tysdag  21. september kl. 19 i biblioteket i Os 
  • Torsdag 23. september kl. 19 i Kommunetunet i Eikelandsosen 

Møt opp og kom med innspel til aktuelle kulturminne og kulturarv, slik at vi kan sikre felles kjennskap og kunnskap. Kulturminne kan til dømes vere bygg, kulturmiljø, kulturlandskap og gjenstandar. Immateriell kulturarv kan til dømes vere handverk eller folkemusikk. 

Ein del av kulturplanen

Kulturminne og kulturvern vil vere tema i kulturplanen for Bjørnafjorden kommune. Kultursjef Erik Vangsnes vil saman med Kristin Bøe og Øyvind Gjerde frå kultureininga i Bjørnafjorden kommune informere om korleis dei jobbar med planen, og korleis dei vil vektlegge ulike tema. 

Etter presentasjonen blir det høve til å kome med innspel og spørsmål. 

Felles plan for kulturminne

Tidlegare Fusa kommune har ein gjeldande plan for kulturminne, og i Os har det vore arbeidd med å hente inn informasjon som kulturminnegrunnlag. No skal dette samanstillast til ein plan som skal gjelde for åra framover. 

Vel møtt!

Til toppen