Kommunen leiger legekontor

Lokala til NAV Bjørnafjorden i Brugata blir no legekontor. Ragnhild Stende Bjaadal Bjørnafjorden kommune har inngått avtale med Bjørnegaarden AS om leige av lokale til legekontor i Brugata.

Etter at det blei klart at NAV skulle flytte frå Brugata til Os Næringspark, har Os allmennpraksis vore på jakt etter nye lokale. Kommunen har i fleire månader jobba for å finne eigna lokale, for å hindre at fastlegekontoret flytta til Bergen.

Leiger ut til legar

- Bjørnafjorden kommune har inngått ei leigeavtale med Bjørnegaarden AS om leige av det arealet som i dag er mottaket til NAV Bjørnafjorden. Vi har også signert kontrakt med legane ved Os allmennpraksis om at dei skal leige dette lokalet av oss dei kommande åra, seier kommunedirektør Christian F. Fotland.

Mellombels NAV-mottak

Det pågår no arbeid med å etablere eit mellombels NAV-mottak, slik at ombygging til legekontor kan ta til. Samstundes får Os allmennpraksis tilført to nye fastlegeheimlar (såkalla nullheimlar), slik at den samla fastlegekapasiteten i kommunen aukar.

Intenst arbeid for å hjelpe

- Eg vil takke administrasjonen i kommunen som har jobba intenst for å hjelpe Os allmennpraksis med å finne nye lokale for deira verksemd. Her er det mange som fortener ros. Eg håpar at dei bjørnafjordingane som har vore bekymra for å miste sine fastlegar ved Os Allmennpraksis no føler seg trygge, seier ordførar Trine Lindborg (Ap)

Til toppen