Kommuneoverlegen informerer: Koronavaksinasjon i Bjørnafjorden veke 10 og 11

Klikk for stort bileteKommuneoverlege Klaus Melf sender ut tilbod om koronavaksine til deg som er folkeregistrert i Bjørnafjorden kommune, i prioritert rekkefølgje. Os og Fusaposten Bjørnafjorden kommune får 222 dosar av BioNtech/Pfizer-vaksinen denne veka (veke 10). 192 av desse er 2. dose til personar som fekk første dose for tre veker sidan.
30 personar i prioriteringsgruppe 3 (75-84 år) har fått tilbod om 1. dose koronavaksine onsdag 10. mars. Alle desse er 79 år+.

I tillegg får kritisk helsepersonell 100 dosar AstraZeneca-vaksine denne veka.
- Neste veke, veke 11, er det varsla at vi får 252 dosar av BioNtech/Pfizer-vaksinen. Berre 12 av desse er 2. dose. Dette betyr at vi vil sende ut tilbod om 1. dose vaksine til 240 innbyggarar i aldersgruppa 78 år+ i løpet av inneverande veke. Då vil vi endeleg få litt meir framgang i vaksinasjonen, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

Sjå ofte stilte spørsmål om koronavaksine

- Vaksinerer så raskt vi kan

- Eg forstår godt at folk synest det går sakte, men eg kan forsikre alle om at vi vaksinerer så mange og så raskt vi kan ut ifrå kor mange vaksinedosar vi kvar veke får tildelt frå Folkehelseinstituttet. Informasjonen endrar seg ofte på kort varsel, og vi må berre følgje med og tilpasse oss leveransane, seier Melf.

Dersom du er folkeregistrert i Bjørnafjorden kommune, treng du ikkje ta kontakt med kommunen eller fastlegen for å setje deg på venteliste til vaksinasjon.

Vi tar kontakt og gir tilbod til alle som er anbefalt å ta vaksinen - i tur og orden.

Koronavaksinasjon er gratis og frivillig.
Timebestilling skjer via nett (med BankID) eller per telefon. Berre dei som har fått tilbod skal bestille time. Her kan du bestille time.

Les meir om koronavaksinasjon i Bjørnafjorden kommune

Til toppen