Kommuneoverlegen informerer: Koronavaksinasjon i Bjørnafjorden veke 14

Klikk for stort bileteKommuneoverlege Klaus Melf sender ut tilbod om koronavaksine til deg som er folkeregistrert i Bjørnafjorden kommune, i prioritert rekkefølgje. Os og Fusaposten I veke 14, veka etter påske, vil over 650 personar i prioriteringsgruppe 4 få tilbod om koronavaksine (BioNTech/Pfizer). Prioriteringsgruppe 4 er personar mellom 65 og 74 år, pluss personar mellom 16 og 64 år med sjukdomar eller tilstandar som gir høg risiko for alvorleg forløp.

- Det er gledeleg at vi endeleg får såpass mange vaksiner. Det betyr etterlengta framdrift i vaksinasjonen, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

Tilbod om vaksine blir sendt ut på SMS i starten av neste veke.

Dei eldste først

Dei eldste i prioriteringsgruppa får tilbod først. I tillegg vil vaksine bli gitt til nokre yngre personar (mellom 16 og 65 år) med desse høgrisikotilstandane: organtransplantasjon, alvorleg immunsvikt, aktiv kreftsjukdom, alvorlege nevro-muskulære tilstandar og kronisk nyresjukdom.

- Fastlegane hjelper oss med å identifisere aktuelle personar med desse tilstandane. Det er klare reglar for kven som skal prioriterast. Ingen treng ringe fastelegen for å prøve å påverke den medisinskfaglege vurderinga, seier Melf.

- Prioriteringsgruppe 4 omfattar nesten 3000 personar. Vi reknar med å få gitt første vaksinedose til alle som er fødde i 1946 og 1947, pluss ein del av 1948-årgangen, veka etter påske. Vi håpar at vi får nok vaksine i løpet av april til å gi resten i gruppe 4 første dose, men det er framleis for tidleg å kunne fastslå noko, fortel Melf.

Har du fastlege i ein annan kommune?

- Då vil du anten bli kalla inn til vaksinering av fastlegen din eller av oss i Bjørnafjorden kommune, etter avtale med fastlegen din. Du treng ikkje gjere noko. Vent på innkalling, seier kommuneoverlegen.

Vaksinering med AstraZeneca-vaksinen er stoppa, og vil ikkje bli starta opp igjen før FHI eventuelt gir klarsignal. Dette betyr at også vaksinering av kritisk helsepersonell er lagt på is.

Les meir om koronavaksinasjon i Bjørnafjorden kommune 

Dersom du er folkeregistrert i Bjørnafjorden kommune, treng du ikkje ta kontakt med kommunen eller fastlegen for å setje deg på venteliste til vaksinasjon.

Vi tar kontakt og gir tilbod til alle som er anbefalt å ta vaksinen - i tur og orden.

Koronavaksinasjon er gratis og frivillig.
Timebestilling skjer via nett (med BankID) eller per telefon. Berre dei som har fått tilbod skal bestille time. Her kan du bestille time.

Til toppen