Kommuneoverlegen informerer: Koronavaksinasjon i Bjørnafjorden veke 24

Klikk for stort bilete Mat Napo, Unsplash

I veke 24 (vaksinasjonsdag 16. juni) får Bjørnafjorden kommune til saman 1089 vaksinedosar.
647 friske personar over 55 år (prioriteringsgruppe 8) vil få tilbod om første vaksinedose. Kommuneoverlege Melf melder at vi no er komne til 1963-årgangen. Dette betyr at alle som er fødde i 1963 eller før får tilbod om første dose i veke 24. I tillegg vil 442 personar få si andre og siste vaksinedose.

FHI har nettopp justert intervallet mellom dose 1 og 2 frå 12 til 9 veker. Frå no av vil det difor vere 9 veker mellom vaksinedosane. Vi gjer ikkje endringar i allereie oppsette vaksineavtalar. Alle som har fått første dose skal møte til den fastsette datoen for andre dose.

Tilbod om vaksine blir sendt ut på SMS fortløpande og fram til rett før vaksinasjonsstart den 16. juni. Ver vennleg å ikkje ringe vaksinetelefonen før du har fått SMS. Vi har ikkje gløymt deg - du vil få tilbod når det er din tur.

Sjå FHI si oversikt over prioriteringsrekkefølgje for koronavaksine.

Kven er i prioriteringsgruppe 8?

Personar mellom 55 og 64 år, utan underliggande sjukdom/tilstand. Dei eldste får tilbod først.Klikk for stort bileteKommuneoverlege Klaus Melf sender ut tilbod om koronavaksine til neste gruppe på prioriteringslista, som får vaksine neste onsdag. Os og Fusaposten  I veke 24 får personar fødde i 1963 og før, tilbod om første dose.

Når går SMS ut for vaksine i veke 24?

Tilbod om vaksine blir sendt ut på SMS fortløpande og fram til rett før vaksinasjonsstart 16. juni. Ver vennleg å ikkje ringe vaksinetelefonen før du eventuelt har fått SMS. Vi har ikkje gløymt deg - du vil få tilbod når det er din tur.

Har du fastlege i ein annan kommune?

Då vil du anten bli kalla inn til vaksinering av fastlegen din eller av oss i Bjørnafjorden kommune, etter avtale med fastlegen din. Du treng ikkje gjere noko. Vent på innkalling. Dersom du får tilbod om vaksine frå både fastlegen og kommunen, vel du sjølv kor du ønskjer å ta vaksinen.

Ventar du framleis på vaksine, sjølv om du tilhøyrer gruppe 1-7?

Sjå FHI si oversikt over prioriteringsrekkefølgje for koronavaksine.

  • Er du over 65 år/har ein høgrisikodiagnose?

Dersom du tilhøyrer prioriteringsgruppe 1-4 og har varig opphald i Bjørnafjorden kommune eller har fastlege her, skal du no ha fått tilbod om vaksine frå oss.
Vi har hatt problem med å komme i kontakt med nokre få personar i gruppe 1-4.
Dersom du framleis ventar på vaksinetilbod, eller du tidlegare har avslått tilbodet om vaksine og no har ombestemt deg, kan du ringe oss på vaksinetelefonen 913 58 649

  • Er du mellom 18 og 64 år med underliggande sjukdom/tilstand?

Dersom du er mellom 18 og 64 år med underliggande sjukdom/tilstand som gir moderat risiko for alvorleg koronaforløp, og enno ikkje har fått tilbod om koronavaksine, må du ta kontakt med fastlegen din. Fastlegane har ansvar for å melde frå til oss om aktuelle pasientar, slik at vi kan kalle deg inn.

Kva skjer med vaksinedosen om nokon ikkje møter opp?

Nokre kommunar ber innbyggarar som kan vere tilgjengelege på 30 minutts varsel om å registrere seg på ei liste, slik at dei kan bli kalla inn dersom andre ikkje skulle møte opp til timen sin.

Vi har ikkje ei slik "reserveliste" i Bjørnafjorden. Før kvar vaksinasjonsdag blir dei neste på lista spurde om dei kan vere standby.

Les meir om koronavaksinasjon i Bjørnafjorden kommune 

Koronavaksinasjon er gratis og frivillig.

Slik bestiller du time

Timebestilling skjer via nett (med BankID) eller per telefon. Du får informasjon om korleis du bestiller time i SMS-en du mottar frå oss. Berre dei som har fått tilbod skal bestille time.
 

Til toppen