Bestill time for tredje dose koronavaksine no - men berre dersom det har gått lang nok tid sidan andre dose

Klikk her for å bestille time til massevaksinasjon i Oshallen og Fjord'n senter kvar onsdag

  • 65 år og over: Minimum fem månader etter andre dose.
  • 18-64 år: Minimum seks månader etter andre dose.

Du kan òg bestille time ved å ringe 913 58 649
 

Kommuneoverlegen informerer: Slik blir koronavaksineringa i Bjørnafjorden kommune i sommar

Mufid Manjun, Unsplash I juli og starten av august vil vi tilby vaksinering to dagar i veka: onsdag og fredag.
Det er mange bjørnafjordingar som skal få vaksine - midt i ferien. Difor sender vi SMS med tilbod og alternative vaksinasjonsdatoar innanfor ein fire vekers-periode, slik at du kan velje dagen som passar deg best.

- Det er framleis usikkerheit knytt til det endelege talet vi får levert. Men leveringsprognosane frå FHI er lovande - og slik det ser ut no vil alle bjørnafjordingar over 18 år ha fått tilbod om minimum første vaksinedose innan midten av august.

Desse får tilbod om 1. vaksinedose i Bjørnafjorden i sommar

Dei tre siste prioriteringsgruppene står no for tur og vil få tilbod om første vaksinedose frå veke 25 og gjennom sommaren:

  • Prioriteringsgruppe 9: 45-54 år. Veke 25-26
  • Prioriteringsgruppe 10: 40-44 år + 18-24 år: Veke 27-30
  • Prioriteringsgruppe 11: 25-39 år: Veke 30-33

Sjå FHI si oversikt over prioriteringsgrupper for koronavaksine.

Kvifor kan vi ikkje seie akkurat når du vil få vaksine i sommar?

Det skulle vi gjerne gjort. Men talet på vaksinedosar Bjørnafjorden kommune mottar frå FHI varierer frå veke til veke, og endrar seg ofte på kort varsel. Vi kan som regel berre seie noko sikkert om vaksinasjon ei veke fram i tid. Det er difor dessverre umogleg å lage ein detaljert framdriftsplan med konkrete datoar for ulike årskull og grupper for meir enn ei veke om gongen.

Sjå overordna framdriftsplan for vaksinasjon i Bjørnafjorden kommune

Du får SMS med informasjon om korleis du bestiller time

​Alle vil få SMS med tilbod om vaksine og informasjon om timebestilling på alternative datoar. Du vel den datoen og timen som passar deg best. Timebestilling skjer via nett (med BankID) eller per telefon. Berre dei som har fått tilbod skal bestille time. Det er ikkje tillatt å la andre bestille time i 

NB: Vaksinasjonsteamet kjem ikkje lenger til å ringe opp personar som har fått tilbod, men ikkje bestilt time.

Har du fastlege i ein annan kommune?

Då vil du anten bli kalla inn til vaksinering av fastlegen din eller av oss i Bjørnafjorden kommune, etter avtale med fastlegen din. Du treng ikkje gjere noko. Vent på innkalling. Dersom du får tilbod om vaksine frå både fastlegen og kommunen, vel du sjølv kor du ønskjer å ta vaksinen.

Ventar du framleis på vaksine, sjølv om du tilhøyrer gruppe 1-8?

Sjå FHI si oversikt over prioriteringsrekkefølgje for koronavaksine.

  • Er du over 65 år/har ein høgrisikodiagnose?

Dersom du tilhøyrer prioriteringsgruppe 1-4 og har varig opphald i Bjørnafjorden kommune eller har fastlege her, skal du no ha fått tilbod om vaksine frå oss.
Vi har hatt problem med å komme i kontakt med nokre få personar i gruppene 1-4 og 8.
Dersom du framleis ventar på vaksinetilbod, eller du tidlegare har avslått tilbodet om vaksine og no har ombestemt deg, kan du ringe oss på vaksinetelefonen 913 58 649

  • Er du mellom 18 og 64 år med underliggande sjukdom/tilstand?

Dersom du er mellom 18 og 64 år med underliggande sjukdom/tilstand som gir moderat risiko for alvorleg koronaforløp, og enno ikkje har fått tilbod om koronavaksine, må du ta kontakt med fastlegen din. Fastlegane har ansvar for å melde frå til oss om aktuelle pasientar, slik at vi kan kalle deg inn.

Kva skjer med vaksinedosen om nokon ikkje møter opp?

Nokre kommunar ber innbyggarar som kan vere tilgjengelege på 30 minutts varsel om å registrere seg på ei liste, slik at dei kan bli kalla inn dersom andre ikkje skulle møte opp til timen sin.

Vi har ikkje ei slik "reserveliste" i Bjørnafjorden. Før kvar vaksinasjonsdag blir dei neste på lista spurde om dei kan vere standby.

Les meir om koronavaksinasjon i Bjørnafjorden kommune 

Koronavaksinasjon er gratis og frivillig.

 

Til toppen