Korleis kan vi gi betre tenester til barn og unge i Bjørnafjorden kommune? Hjelp oss ved å svare på undersøkinga

Klikk for stort bilete Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune Har du barn i alderen 0-18 år? Då treng vi dine innspel og ønske i samband med kommunen sitt tenestetilbod til barn, unge og familiar i Bjørnafjorden kommune. 

I desse dagar sender vi i Bjørnafjorden kommune ut ei spørjeundersøking på SMS til alle som har barn under 18 år i kommunen vår. 

Dersom du ikkje har mottatt SMS, kan du gå til undersøkinga her NB: Du kan berre svare på undersøkinga èin gong.

Kva spør vi om?

Tema for undersøkinga er tenester og tilbod til barn og unge.
Vi ønskjer mellom anna å vite kva for tenestetilbod som er aktuelle for deg og barnet ditt, kva du skulle ønskje at vi i kommunen hadde meir fokus på, korleis du opplever å ta kontakt med oss og kva type tilbod du som føresett skulle ønskje vi hadde når du kjenner deg rådlaus.

Kvifor spør vi?

Vi vil gi barn og unge rett hjelp til rett tid, og så tidleg som mogleg. For å oppnå dette, treng vi meir kunnskap om kva type tenester og innhald barn og foreldre i Bjørnafjorden har behov for og ønskjer seg. 
Kunnskapen vi får frå spørjeundersøkinga vil vere med og danne grunnlaget for utviklinga av tenestetilbodet til barn og unge i Bjørnafjorden kommune i mange år framover. 

Om undersøkinga

  • Spørjeundersøkinga er heilt anonym og det er frivillig å delta. Estimert svartid er 5 minutt.
  • Dersom du skriv noko i fritekstfeltet, er det svært viktig at du ikkje skriv opplysningar som kan identifisere deg eller barnet ditt som person (til dømes helsetilstand, ditt eller andre sitt namn, adresse, personlege erfaringar eller andre opplysningar som gjer at dei som les svara kan vite kven du eller barnet ditt er).
  • Spørsmåla er delt inn i aldersgrupper: 0-5 år, 6-12 år og 13-18 år. Du treng berre svare på spørsmål knytt til aldersgruppa til ditt/dine barn.

Om personvern:
Alle svar som blir sende inn er anonymiserte og blir behandla konfidensielt.
Spørjeundersøkinga er utvikla i samarbeid med personvernombodet i Bjørnafjorden kommune. 
Alle svar blir sende elektronisk og automatisk lagt inn i ein statistikk. Denne kan ikkje sporast tilbake til enkeltpersonar.
Informasjonen blir ikkje delt med andre. Når undersøkinga er ferdig, blir dei anonymiserte resultata summerte opp i ein rapport, og dei innsendte svara blir sletta. 

Tenester til alle

- Breidda i tilbodet til barn og unge i kommunen er stort. Nokre av tenestene nyttar dei aller fleste, som til dømes helsestasjonen, barnehage og skule. Andre tenester er aktuelle ved ulike utfordringar, som spesialpedagogisk hjelp, fysioterapi, støttekontakt eller psykolog, seier kommunalsjef Oppvekst, Line Rye.Klikk for stort bileteOppvekstsjef Line Rye Ragnhild Stende Bjaadal/Bjørnafjorden kommune   

Betre og meir treffsikre 

- Vi ønskjer å sjå alle tenestene og tilboda våre i samanheng, slik at vi kan gjere dei betre og meir treffsikre - det vil seie betre tilpassa det bjørnafjordingane faktisk treng. Då må vi først vite meir om kva barn, unge og deira føresette har behov for og ønskjer seg. Eg håpar at så mange som mogleg tar seg fem minutt til å svare på undersøkinga. Ved å svare, hjelper du oss med å gi betre hjelp til alle barn i Bjørnafjorden, seier oppvekstsjefen.

Til toppen