Koronastatus i Bjørnafjorden kommune veke 2

Bjørnafjorden kommune rapporterer koronastatus til Statsforvaltaren kvar veke.
Rapporten inneheld mellom anna smittetal, risikovurdering, aktuelle tiltak og status for tenestene og vaksinasjonsarbeidet.

Heilskapleg situasjonsbilete

I veke 2/2022 blei det registrert 75 nye smittetilfelle, mot 62 veka før. Smitten er no stigande igjen og vi reknar med at om lag halvparten av tilfella er omikron. Smittetala aukar også sterkt i nabokommunane våre.

  • Omikron er i ferd med å ta over, sjølv om vi framleis ikkje har fått nokon voldsom smitteauke etter nyttår. Smittetala har auka svært mykje i fleire nabokommunar, og då reknar vi med at det kjem til å skje også hos oss. Vi reknar med at om lag halvparten av smittetilfella våre no er omikron, og neste veke vil det truleg vere rundt 80 %.
  • Vi har framleis stort press på tenestene. Vi har ingen utbrot i institusjonar, men vi har utfordringar med å ta imot utskrivingsklare pasientar.
  • Vi veit enno ikkje korleis omikron vil utvikle seg. Dersom det kjem ei omikronbølgje, av eit slikt omfang som FHI tidlegare har varsla om, vil vi få store kapasitetsutfordringar.
  • Vi følgjer utviklinga nøye saman med omegnskommunane våre, Statsforvaltaren og helseføretaka for å samordne anbefalingar og tiltak i vår felles bu- og arbeidsregion.
  • Barnehagane og skulane i Bjørnafjorden følgjer grønt tiltaksnivå i trafikklysmodellen, med unntak av éin ungdomsskule som held fram på gult nivå på grunn av lokal smitte.

Dei smitta er:

23 barn/unge under 18 år (31 % av dei smitta):

  • 7 % i barnehagealder 
  • 8 % i barneskulealder 
  • 4 % i ungdomsskulealder 
  • 12 % elevar i vidaregåande skule

Vi har to barneskuleklassar som har vore på leirskule på Geilo sist veke. Der var det eit utbrot, og elevane blir no testa med PCR-testar. Desse elevane er sette i karantene, fordi dei blir rekna som husstandsmedlemmer etter leirskuleopphaldet. Eventuelle smittetilfelle vil bli rapporterte neste veke.

52 vaksne (69 % av dei smitta):

  • 68 % i alderen 18-64 år 
  • Berre 1 % er over 65 år 

Vaksinestatus og smitteveg

  • 12 % av dei smitta har fått tre vaksinedosar, 63 % har fått to vaksinedosar, 5 % har fått éin vaksinedose og 20 % er uvaksinerte.
  • 81 % har kjend smitteveg (dei fleste er smitta i husstanden) og19 % har ukjend smitteveg. 

Test- og smittesporingskapasitet 

  • Testkapasiteten er god.
  • Smittesporingskapasiteten er god.
  • Det blei tatt 319 PCR-testar sist veke, mot 320 veka før.

Kapasitet personell

Tilgangen til personell og kritisk kompetanse er samla sett utfordrande. Det er stort sjukefråvær og press på tenestene.
Pleie- og omsorgstenestene har måtta ta ned tenester for å ha nok folk til sjukeheimane og heimesjukepleia. Frivillige frå sanitetsforeininga hjelper til på sjukeheimane.
Fastlegemangelen er kritisk - og det får konsekvensar for andre tenester, som legevakta.

Vaksinering

  • Vi kan ikkje vaksinere raskare med dose 3 enn tidsintervalla tillet.
  • Vi vaksinerer no fortløpande alle som fekk 2. dose for 4,5 mnd./20 veker sidan.
  • Vi høyrer til kommunane som måtte gi frå oss dosar til Austlandet i sommar. Dei store tala kjem difor først i februar os oss.
  • Det er massevaksinering kvar onsdag framover både på Os og i Eikelandsosen. Massevaksinasjonstilbodet vil bli trappa opp ved behov utover i januar og februar. 
  • Vi jobbar med sms-innkalling igjen for å få fleire til å møte fram til 3. dosevaksinering.
  • Vi er i dialog med to apotek om vaksinering for å gjere det lettare for folk å få tatt vaksinen.

Influensavaksinering er i hovudsak ferdig.

Status for vaksinering 3. dose 

  • Utsette grupper: Ferdigstilt
  • Alle over 45 år: Vaksinering pågår
    • Over 90 % av 65+ har fått 3. dose.
    • Vaksinering av 45-64 år pågår: Over 50 % har no fått 3. dose.
    • 45-54 år: 43 % har no fått 3. dose.
  • Alle 18-44 år: Påbegynt
    • Helsepersonell og personar i risikogrupper har fått hittil (litt over 1000 personar).

Tiltak

Vi følgjer dei nasjonale tiltaka i forskrift og rettleiingar. Ein av ungdomsskulane våre held fram på gult nivå på grunn av lokal smitte.

Til toppen