Bestill time for tredje dose koronavaksine no - men berre dersom det har gått lang nok tid sidan andre dose

Klikk her for å bestille time til massevaksinasjon i Oshallen og Fjord'n senter kvar onsdag

  • 65 år og over: Minimum fem månader etter andre dose.
  • 18-64 år: Minimum seks månader etter andre dose.

Du kan òg bestille time ved å ringe 913 58 649
 

Koronastatus i Bjørnafjorden kommune veke 39

Bjørnafjorden kommune rapporterer koronastatus til Statsforvaltaren kvar veke. Rapporten inneheld smittetal, risiko for smitteauke og negative konsekvensar for innbyggarar og tenester, og kapasitet på personell og utstyr i samband med koronaberedskapen.

Smittetal

To personar fekk påvist covid-19 i Bjørnafjorden kommune sist veke.

  • Ungdomsskuleelev. Kjend smitteveg. Delvis vaksinert. Uvaksinerte medelevar blei oppmoda til å teste seg og følgje godt med på eventuelle symptom.
  • Kvinne i 50-åra. Ukjend smitteveg. Fullvaksinert.

Testing

Teststasjonane tok om lag 200 PCR-testar sist veke.

Kommuneoverlegen melder elles om god kapasitet på personell og utstyr, låg risiko for smitteauke og negative konsekvensar for innbyggarar og tenester, og at det ikkje er behov for tiltak utover grunnleggande smittevernråd.

Til toppen