Koronastatus i Bjørnafjorden kommune veke 40

Klikk for stort bileteBjørnafjorden kommune rapporterer koronastatus til Statsforvaltaren kvar veke.
Rapporten inneheld smittetal, risiko for smitteauke og negative konsekvensar for innbyggarar og tenester, og kapasitet på personell og utstyr i samband med koronaberedskapen.

Smitte

Ingen fekk påvist covid-19 i Bjørnafjorden kommune sist veke.

Vaksinasjon

Vi har starta vaksinering med tredje dose koronavaksine.

Kommuneoverlegen melder elles om god kapasitet på personell og utstyr, låg risiko for smitteauke og negative konsekvensar for innbyggarar og tenester, og at det ikkje er behov for tiltak utover grunnleggande smittevernråd.

Til toppen