Bestill time for tredje dose koronavaksine no - men berre dersom det har gått lang nok tid sidan andre dose

Klikk her for å bestille time til massevaksinasjon i Oshallen og Fjord'n senter kvar onsdag

  • 65 år og over: Minimum fem månader etter andre dose.
  • 18-64 år: Minimum seks månader etter andre dose.

Du kan òg bestille time ved å ringe 913 58 649
 

Koronastatus i Bjørnafjorden kommune veke 41

Bjørnafjorden kommune rapporterer koronastatus til Statsforvaltaren kvar veke.
Rapporten inneheld smittetal, risiko for smitteauke og negative konsekvensar for innbyggarar og tenester, og kapasitet på personell og utstyr i samband med koronaberedskapen.

Smitte

Det blei registrert 11 nye smitta i Bjørnafjorden kommune i veka som gjekk:

  • To barneskuleelevar, ein ungdomsskuleelev, tre personar i 40-åra, ein person i 50-åra, tre personar i 60-åra og ein person i 70-åra.

Dei fleste smitta er fullvaksinerte og ingen er alvorleg sjuke. Smitten har stort sett skjedd i husstanden eller familien. 
Kommuneoverlege Klaus Melf meiner smitten er eit uttrykk for at folk er meir mobile og har meir sosial kontakt, men vurderer det slik at vi framleis har låg risiko for smitteauke og for negative konsekvensar for innbyggarar og tenester i Bjørnafjorden kommune. 

Det er ikkje behov for andre tiltak enn grunnleggande smittevernråd (isolering og testing ved sjukdom, hand- og hostehygiene, vaksinasjon og nedjustert TISK). God tilgang på smittevernutstyr og personell, god kapasitet på smittesporing og testing.

Vaksinasjon

Kommuneoverlegen melder at det er utfordrande å nå målet om 90 prosent vaksinerte i aldersgruppa 18-44 år, spesielt dei mellom 25 og 39 år.

Vi har starta vaksinasjon med tredje dose koronavaksine til immunsvekka personar og personar over 65 år. Les meir om tredje dose koronavaksine.

Influensavaksinasjon startar opp denne veka hos fastlegane. Les meir om influensavaksinasjon 2021.

Til toppen