Bestill time for tredje dose koronavaksine no - men berre dersom det har gått lang nok tid sidan andre dose

Klikk her for å bestille time til massevaksinasjon i Oshallen og Fjord'n senter kvar onsdag

  • 65 år og over: Minimum fem månader etter andre dose.
  • 18-64 år: Minimum seks månader etter andre dose.

Du kan òg bestille time ved å ringe 913 58 649
 

Koronastatus i Bjørnafjorden kommune veke 46

Bjørnafjorden kommune rapporterer koronastatus til Statsforvaltaren kvar veke.
Rapporten inneheld smittetal, risiko for smitteauke og negative konsekvensar for innbyggarar og tenester, og kapasitet på personell og utstyr i samband med koronaberedskapen.

Smitte

Det blei registrert 71 nye smitta (PCR-testar ved teststasjonen) i Bjørnafjorden kommune i veka som gjekk. I tillegg er det registrert 11 positive hurtigtestar, som ventar på å bli bekrefta med PCR-test. Dette er det høgaste talet på smittetilfelle som er registrert i Bjørnafjorden kommune i løpet av ei veke.

Dei smitta er:

  • 17 barn og unge, i alderen 0 til 17 år
  • 54 vaksne (over 18 år)

36 av dei smitta er fullvaksinerte, fem delvis vaksinerte og 30 uvaksinerte. Minst 70 prosent har kjend smitteveg.

Risikovurdering

Kommuneoverlegen vurderer det slik at vi no er på risikonivå 2 – middels risiko. Les meir om risikovurdering på fhi.no

Det er høge smittetal, men ingen alvorleg sjuke og dermed ingen innlagde. Vi har heller ingen utbrot i institusjonar. Vi har auka sjukefråvær i fleire tenester (helse, barnehage, skule) og stort press på tenestene.

Vi følgjer utviklinga nøye saman med omegnskommunane våre, Statsforvaltaren og helseføretaka for å samordna anbefalingar og tiltak i vår felles bu- og arbeidsregion.

Les også:

Slik går du fram for å ta koronatest

Kva gjer du ved symptom på luftvegsinfeksjon? Råd om du eller barnet ditt er sjuke.

Tiltak

Bjørnafjorden har hatt tett samordning med bergensregionen dei siste vekene.

  • Bjørnafjorden kommune har innført lokal smittevernforskrift, i samarbeid med Bergen og omegnskommunane.

    Forskrifta gjeld frå og med måndag 22. november til og med måndag 20. desember 2021. Vi har i tillegg sterk anbefaling om å bruke munnbind der det ikkje er mogleg å halde 1 meter avstand. Les meir: Bjørnafjorden kommune innfører nye koronatiltak

  • Tilsette i helseinstitusjonane våre skal nytte munnbind ved pleie og nærkontakt med pasientar. Besøkande er òg sterkt oppfordra om å bruka munnbind.

  • Det er auka pågang på teststasjonane og vi har oppbemanna. Vi jobbar med å auka testinga i Eikelandsosen frå 2 til 3 gonger per veke. Vi har oppretta fleire hentestader for hurtigtestar. Les meir: Her kan du hente hurtigtestar

Vaksinasjon

Kommuneoverlegen melder at det framleis er utfordrande å nå målet om 90 prosent vaksinerte i aldersgruppa 18-44 år. Lågast vaksinedekning har personar mellom 25 og 39 år - og spesielt arbeidsinnvandrarar frå Polen og Litauen. Vi prøver å nå desse gruppene via nettverksgrupper og Facebook.

Les også: Slik bestiller du koronavaksine

Vaksinasjon med tredje dose koronavaksine til utsette grupper er i hovudsak ferdig. Det blir massevaksinasjon for personar over 65 år den 24. november. Vi tilbyr også koronavaksine til uvaksinerte/delvaksinerte denne dagen. i tllegg er det kontinuerleg vaksinering hos fastlegane. Les meir og bestill time for tredje dose koronavaksine.

Influensavaksinasjon for personar i målgruppa er godt i gang hos fastlegane. Tilsette ved sjukeheimane er vaksinerte. Det blir massevaksinasjon onsdag 1. desember for dei i målgruppa som ikkje har fått vaksine hos fastlegen. Les meir om influensavaksinasjon 2021.

Til toppen