Koronastatus i Bjørnafjorden kommune veke 47

Bjørnafjorden kommune rapporterer koronastatus til Statsforvaltaren kvar veke.
Rapporten inneheld smittetal, risiko for smitteauke og negative konsekvensar for innbyggarar og tenester, og kapasitet på personell og utstyr i samband med koronaberedskapen.

Smitte

Vi har hatt enno ei veke med ny smitterekord i Bjørnafjorden kommune. Det blei registrert 80 nye smitta (PCR-testar ved teststasjonen) i Bjørnafjorden kommune i veka som gjekk. 

Dei smitta er:

  • 35 barn og unge, i alderen 0 til 17 år
  • 45 vaksne (over 18 år)

Det har vore smitteutbrot ved fleire bedrifter og skular i kommunen. 30 av dei smitta er fullvaksinerte, ti delvis vaksinerte og 40 uvaksinerte. 68 av dei smitta har kjend smitteveg.

Risikovurdering

Kommuneoverlegen vurderer det slik at vi framleis er på risikonivå 2 – middels risiko. Les meir om risikovurdering på fhi.no 

Det er stort press på helsetenestene som følgje av totalsituasjonen, ikkje berre korona. Det er òg auka trykk på smittesporing og stor pågang til teststasjonane.

Teststasjonen i Eikelandsosen er flytta til Eikelandsfjorden samfunnshus, og har utvida opningstida frå to til tre dagar. Les meir: Teststasjonen i Eikelandsosen flyttar til samfunnshuset og utvidar opningstidene. 

Vi følgjer utviklinga nøye saman med omegnskommunane våre, Statsforvaltaren og helseføretaka for å samordna anbefalingar og tiltak i vår felles bu- og arbeidsregion.

Les også:

Slik går du fram for å ta koronatest

Kva gjer du ved symptom på luftvegsinfeksjon? Råd om du eller barnet ditt er sjuke.

Tiltak

Bjørnafjorden har tett samordning med bergensregionen.

  • Bjørnafjorden kommune har innført lokal smittevernforskrift, i samarbeid med Bergen og omegnskommunane.

    Forskrifta gjeld frå og med måndag 22. november til og med måndag 20. desember 2021. Forskrifta omfattar registreringsplikt på serveringsstader og munnbindpåbod i butikkar, fellesareal på kjøpesenter, kollektivtransport og taxi. Vi har i tillegg sterk anbefaling om å bruke munnbind andre stader der det ikkje er mogleg å halde 1 meter avstand. Les meir: Bjørnafjorden kommune innfører nye koronatiltak

  • Tilsette i helseinstitusjonane våre skal nytte munnbind ved pleie og nærkontakt med pasientar. Besøkande er òg sterkt oppfordra om å bruka munnbind.

  • For å unngå at tilsette møtest på tvers av einingar og avdelingar, anbefaler kommunen digitale møte i staden for fysiske, eller at møta blir flytta til større lokale, eventuelt utsette.

Vaksinasjon

Kommuneoverlegen melder at det framleis er utfordrande å nå målet om 90 prosent vaksinerte i aldersgruppa 18-44 år. Lågast vaksinedekning har personar mellom 25 og 39 år - og spesielt arbeidsinnvandrarar frå Polen og Litauen. Vi prøver å nå desse gruppene via nettverksgrupper og Facebook.

3. dose-vaksinering:

  • 3. dosevaksinering av utsette grupper er i hovudsak ferdig.
  • Vi har hatt fleire rundar med massevaksinering av 65+ og helsepersonell (17.-19.11., 24.11.), og tilbyr det også 8. og 15.12. Vi tilbyr òg koronavaksine til uvaksinerte/delvaksinerte desse dagane. I tillegg er det kontinuerleg vaksinering hos fastlegane.

Les også: Slik bestiller du koronavaksine

Influensavaksinering:

  • Influensavaksinasjon for personar i målgruppa er godt i gang hos fastlegane. Tilsette ved sjukeheimane er vaksinerte. Det blir massevaksinasjon onsdag 1. desember for dei i målgruppa som ikkje har fått vaksine hos fastlegen. 
    Les meir om influensavaksinasjon 2021
Til toppen