Koronavaksine til barn 5-11 år med underliggande sjukdom

Jesse Paul/Unsplash Barn med alvorleg underliggande sjukdom i aldersgruppa 5 til 11 år, kan no få BioNTech/Pfizer-barnevaksine.

Bergen kommune utfører denne vaksinasjonen på vegner av Bjørnafjorden og andre kommunar i bergensområdet.
Vaksinering for barn som bur i Bjørnafjorden kommune vil skje i Bergen i løpet av veke 3 og 4. Vaksinasjonsstad er Sentralbadet og Åsanehallen.

Her kan du lese om kva for underliggande sjukdommar som gjer at barn 5-11 år kan få tilbod om vaksinen.

Slik går du fram for å få koronavaksine til barnet ditt

  • Kontakt legen som følgjer opp barnet ditt eller barnet sin fastlege. Legen melder vidare i systemet.
    (Alternativt kan føresette få den nødvendige dokumentasjonen frå legen og sjølve bestille time til vaksinasjon. Dette avtalar de med legen).
  • Begge føresette  samtykke skriftleg til vaksine. Samtykkeskjema finn du her. Avtal levering av samtykkeskjema/dokumentasjon med kontaktperson i kommunen: Nina Norheim Oen, telefon 92 49 54 01 eller e-post
  • Når samtykket er signert og levert inn, vil Bergen kommune ta kontakt og avtale dato for vaksinasjon.
Til toppen