Folkehelseinstituttet har bestemt at barn i denne aldersgruppa skal få moglegheit til å ta vaksine mot covid-19, men aldersgruppa generelt er ikkje oppmoda til eller anbefalt å vaksinere seg.
Ein eigen barnedose av Pfizer-vaksinen er godkjent til bruk for denne aldersgruppa.
Koronavaksine er anbefalt for barn som:
- har kroniske sjukdommar
- er nærkontakt til særleg sårbare personar
- skal reise til land med høgare smitterisiko eller dårlegare tilgang til helsetenester enn i Noreg
Slik bestiller du time
Ta kontakt med Os helsestasjon på tlf. 56 57 51 64
Samtykke frå føresette
Begge foreldre må samtykke til vaksinering. Skriv ut og ta med signert samtykkeskjema.
Minst éin av foreldra som har underteikna samtykkeskjemaet må følgje barnet til vaksinering.
Om vaksinen
Barn mellom 5 og 11 år vil få ein tilpassa Pfizer-dose ("barnedose"). Vaksinen er ikkje godkjent for barn under 5 år. Barn fødde i 2017 må difor vente med å få vaksinen til dei har fylt 5 år.
I følgje FHI gir éin dose best balanse mellom nytte og ulempe for barn i alderen 5 til 11 år, men det er mogleg å gi dose 2 til barnet dersom føresette ønskjer dette (12 veker anbefalt intervall).
Maksimal effekt er venta tre veker etter første vaksinedose.
- Det er ikkje farleg om barnet blir smitta i mellomtida. Dersom det har gått minst tre veker mellom første vaksinedose og smittetidspunktet, vil smitten telje som andre vaksinedose, slik at barnet får status som grunnvaksinert.
- Barn som har hatt korona, skal vente med vaksine til det har gått minst 3 månader. (Unntak for barn med alvorleg underliggande sjukdom, som kan ta vaksine 3 veker etter gjennomgått infeksjon).
Vaksinen vil telje som andre dose i grunnvaksineringa, med full beskyttelseseffekt frå 1 veke etter vaksinering.
Les også:
FHI: Koronavaksine for barn 5-11 år
Informasjonsark på mange ulike språk.