Kurs i psykososial førstehjelp for deg som er i kontakt med flyktningar

Kelly Sikkema/Unsplash Korleis møte menneske som kjem til oss med traumer frå krig og flukt?

Os og Fusa Røde Kors held kurs i psykososial førstehjelp i april. Dette er eit gratis kurs på norsk for ukrainarar og bjørnafjordingar som er i kontakt med flyktningar.

Les meir om psykososial førstehjelp på Røde Kors sine nettsider

Tid og stad

  • Torsdag 21. april, kl. 18-21 i Røde Kors-huset i Kolskogen Sjå kart
  • Måndag 25. april, kl. 17.30-20.30 i peisestova i Fusa samfunnshus Sjå kart

Det er 20 plassar på kvar kurskveld.

Kurshaldarar er Ida Smørdal frå Fana Røde Kors og Lena Bekken frå Os Røde Kors.

Påmelding innan 19. april til: 

Os-sida: Send e-post eller SMS til 924 59 949
Fusa-sida: Send e-post eller SMS til 901 82 622