Kva gjer du ved symptom på luftvegsinfeksjon? Råd om du eller barnet ditt blir sjuk

Klikk for stort bileteIkkje i form? Hald deg heime. Kelly Sikkema/Unsplash Hausten er her. Det same er rennande nasar, vonde halsar og heilt vanleg forkjøling.
Samstundes forsvinn ikkje koronaviruset med det første, og vi skal framleis vere varsame ved symptom på akutt luftvegsinfeksjon.

Symptom på luftvegsinfeksjon

  • feber
  • hoste
  • tung pust
  • sår hals
  • hovudpine
  • tap av lukt- og smakssans
  • muskelverk
  • redusert allmenntilstand

Barn i barnehage og barneskule:

Har barnet nyoppståtte luftvegssymptom utan kjent årsak?

  • Hald barnet heime til det er feberfritt og allmenntilstanden er god. Vurder òg om det er nødvendig med koronatest. Testing skjer på teststasjonane i Kolskogen eller Eikelandsosen eller med to hurtigtestar heime, tatt med 24 timars mellomrom.
    Hurtigtest kan du få gratis på teststasjonane i opningstida eller på alle legekontor i kommunen.
  • Ved negative testar og god allmenntilstand, kan barnet gå tilbake i barnehagen/skulen sjølv om han eller ho har lette restsymptom, som rennande nase eller sporadisk hoste.
  • Ved positiv test skal barnet vere i heimeisolasjon i minst fem døgn etter at symptoma starta. Ved positiv hurtigtest, ta kontakt med smittesporingsleiar i Bjørnafjorden kommune på telefon 90 83 48 84.
  • Har barnet feber, dårleg allmenntilstand eller er tungpusta? Er du bekymra? Ta kontakt med fastlegen eller legevakta. Dette gjeld spesielt barn under to år, og særleg ved barn 0-6 månader.
  • Er snørrete nase einaste symptom og allmenntilstanden elles god? Då kan barnet gå i barnehagen eller barneskulen utan test.

Ungdom og vaksne:

Har ungdom eller vaksne nyoppståtte luftvegssymptom utan kjent årsak?

  • Hald deg heime og bestill koronatest på teststasjonane i Kolskogen eller Eikelandsosen. Alternativt kan du ta to hurtigtestar heime, med 24 timars mellomrom. Hurtigtest kan du få gratis på teststasjonane i opningstida eller på alle legekontor i kommunen.
  • Ved negativt prøvesvar og god allmenntilstand, kan du gå på skulen eller jobb sjølv om du har lette restsymptom, som rennande nase eller sporadisk hoste.
  • Ved positiv test skal du halde deg i heimeisolasjon i minst fem døgn etter at symptoma starta. Ved positiv hurtigtest, ta kontakt med smittesporingsleiar i Bjørnafjorden kommune på telefon 90 83 48 84.

Sjå også

Til toppen