Tur, bading og friluftsliv
Treng du telt, sovepose eller hengekøye? Sparkesykkel eller bæremeis? På BUA Bjørnafjorden kan du låne massevis av tur- og sportsutstyr heilt gratis!
Sport og idrett
Nore Neset IL
Os Turn
Bok og film
Bjørnafjorden bibliotek har nesten vanlege opningstider ved hovudbiblioteket på Os og filialen i Eikelandsosen gjennom sommaren. Frå 2. juli til 13. august er biblioteka laurdagsstengt, og berre torsdagar er langope.
Sjå opningstider på biblioteket sine nettsider.
Bli med på Sommarles! Frå 1. juni til 31. august kan dei som skal begynne i 1. klasse, og opp til dei som sluttar i 7. klasse, delta på Sommarles-kampanjen. Sommarles er ein nasjonal, digital lesekampanje der deltakarane kan registrere bøker, få lesetips, løyse oppgåver og følgje med på kva vennene les på nettsida Sommarles.no. Målet er å oppmuntre barn til å lese mest mogleg i løpet av sommarferien! Undervegs får dei digitale trofear, og etter kvart har dei samla nok poeng (XP) til å få fysiske premiar. Desse kan hentast på biblioteket.
Les meir om Sommarles
Heimekino? Sjå massevis av filmar og seriar på filmoteket.no - biblioteka si eiga filmteneste. Her finn du masse bra som manglar hos alle dei vanlege strøymetenestene. Alt du treng er eit lånekort og ei e-postadresse.

Kreative syslar
Skaparstovo - Bjørnafjorden Makerspace er ein kreativ verkstad og felles boltreplass for kreative sjeler i alle aldrar. Her har du tilgang til laserkuttar, 3D-printar, trykkeri, bokbinderi, elektronikkutstyr, vinylkuttar, treverkstad og mykje meir. Målet for drivarane av Skaparstovo er å gi flest mogleg tilgang til utstyr og maskiner som vanlegvis er for dyre (og store) til at ein kan ha dei heime, slik at vi saman kan eksperimentere, leike og skape.
Skaparstovo har ulike aktivitetar og workshops i løpet av sommaren, mellom anna:
- "Sy di eiga hettejakke", 3-dagars sykurs for 12-15-åringar. Kurs i juni og august.
Følg Skaparstovo - Bjørnafjorden Makerspace på Facebook for meir informasjon og oppdateringar eller ta turen innom i Øyro 5 i Os sentrum.
Oseana kunstfestival 18.-23. juli
I juli går Oseana kunstfestival av stabelen for første gong. Då tar kunstnaren Fadlabi og andre unge kunstnarar over Oseanasalen, og omdannar han til ein kunstlab, med aktivitetar for unge og vaksne. Det blir òg malekurs, foredrag og samtalar om kunst og kultur. Sjå oseana.no for oppdatert program.
Oversikta er ikkje fullstendig. Dersom du veit om tilbod for barn og unge i Bjørnafjorden i sommar, er det flott om du sender oss ein e-post.