Kva skjer med arealplanen for Bjørnafjorden vest?

Fransisco Munoz / Bjørnafjorden kommune I januar i år godkjente kommunestyret i Bjørnafjorden ny arealplan for Bjørnafjorden vest. Bjørnafjorden vest er Os-delen av kommunen.

Statsforvaltaren har motsegner, altså innvendingar, til denne planen. Meklingsmøtet mellom Bjørnafjorden kommune og Statsforvaltaren 24. mai førte ikkje fram.
Dette gjer at arealplanen for Bjørnafjorden vest enno ikkje har rettsverknad. 

Kva betyr dette for deg som skal bygge eller regulere?

Kommunestyret har vedtatt planen slik at han gir uttrykk for ei politisk retning. Det betyr at planen er relevant ved søknader om dispensasjon og ved detaljregulering. Ved detaljregulering av område som ikkje har motsegner, skal prosessen som hovudregel gå som normalt.

Kva skjer no? 

Bjørnafjorden kommune ventar på referatet frå meklingsmøtet. Når vi har mottatt dette, vil det bli lagt fram ei eiga sak til politisk behandling.

Tre moglege alternativ:

  1. Kommunen sender heile planen til departementet for endeleg avgjerd.
  2. Kommunen justerer planutkastet og ber om nytt meklingsmøte med Statsforvaltaren.
  3. Kommunen startar på nytt med ny arealplan for heile Bjørnafjorden kommune.

Kommuneplanens arealdel er overordna og strategisk. I Bjørnafjorden har vi to slike planar - ein for tidlegare Os kommune og ein for tidlegare Fusa kommune.
Desse seier noko om korleis eit areal eller geografisk område kan brukast.  Detaljregulering er ein plan for eit mindre område, til dømes enkelte tomter.

Vi vil gi meir informasjon så snart det er gjort eit politisk vedtak om vegen vidare.