Ledige plassar på haustferieskulen

Klikk for stort bilete Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune Det er nokre ledige plassar for 5.-7. trinn ved tre kurs på haustferieskulen, 11.-13. oktober 2021.

Ta direkte kontakt med arrangørane for påmelding.
Førstemann til mølla!

Desse kursa har ledig plass:

 

Aktivitetsveke idrett

Aktivitetsdagar med fokus på ulike idrettar, både inne og ute, på og rundt Nore Neset idrettspark. Ta med god humør, så fiksar vi resten!
Nore Neset idrettspark, måndag 11.-onsdag 13. oktober 2021, kl. 9-15. Arrangør: Nore Neset IL.

For å melde deg på, ta direkte kontakt med Martin Eidsvik, e-post: martin.eidsvik@nnil.no eller telefon 930 86 674

Kuventræ Bootcamp

Bli med på Kuventræ Bootcamp i haustferien! Tre varierte dagar med hovudvekt på fysisk trening (hurtigheit, styrke, yoga, balanse) og fotball. To kvalitetsøkter med variert innhald kvar dag.
Os idrettspark, måndag 11.-onsdag 13. oktober 2021, kl. 10-14.30. Arrangør: Os fotball.

For å melde deg på, ta direkte kontakt med Endre Brenne, e-post: endre@osfotball.no eller telefon 907 24 338

Os haustcamp

Bli med på dansekurs med Malin Nøss Vangsnes, og mykje anna gøy i haustferieveka. Du kan vere nybegynnar eller ha dansa før. Vi ligg vekt på vennskap, samarbeid, dialog, fellesskap og kreativitet. Malin er ein profesjonell, utøvande dansar med lang erfaring frå undervisning nasjonalt og internasjonalt.  Bli med! Vi gler oss til å sjå deg!
Tunet kyrkje- og kultursenter, tysdag 12.-torsdag 14. oktober 2021, kl. 12-14 (torsdag langope). Arrangør: Språkkafeen i Os v/Os sokn.

For å melde deg på, ta direkte kontakt med Ingrid Vik, e-post: iv588@kyrkja.no eller telefon 450 51 212

Treng du transport?

Haustferieskulen set opp gratis buss frå Eikelandsosen til dei ulike kursstadane på Os-sida. Vi kan òg organisere transport til og frå Hatvik ferjekai. Gi beskjed til kursarrangøren.

Les meir om haustferieskulen i Bjørnafjorden.

Til toppen