Lotteri- og stiftelsestilsynet opnar for søknadar om straumstøtte 19. oktober

Straumstøtteordninga gjeld for organisasjonar med straumforbruk med ein månadleg gjennomsnittspris på over 70 øre per kWt i søknadsperioden. Lotteri- og stiftelsestilsynet

Frivillige lag og organisasjonar kan søkje om tilskot til utgifter som følgje av dei ekstraordinære straumprisane - no for perioden juli-september 2022.

Straumstøtta er ei statleg tilskotsordning, og vilkåra for støtte er fastsette av staten.
Bjørnafjorden kommune behandlar søknadane og står for utbetalinga.

Kven kan få straumstøtte?

Straumstøtteordninga gjeld for organisasjonar med straumforbruk med ein månadleg gjennomsnittspris på over 70 øre per kWt i søknadsperioden. 

Støtta er rekna ut basert på dokumentert straumforbruk. Mottakarar får dekt 80 prosent av prisforskjellen mellom 70 øre per kWt og den månadlege gjennomsnittsprisen i den aktuelle perioden.

Tilskota vil bli utbetalte så raskt som råd etter at søknadane er behandla og vedtak er gjort.

Søkjar må ha organisasjonsnummer for å kunne søkje, og desse organisasjonane har rett til å søkje:

  • Verksemder som er registrerte i Frivilligregisteret. Vi oppfordrar organisasjonar som oppfyller kriteria, til å registrere seg.
  • Verksemder som ikkje er registrerte i Frivilligregisteret kan søkje dersom eigarar/medlemmer med bestemmande innverknad er registrerte i Frivilligregisteret. Dette gjeld til dømes idrettslag som har skilt ut drifta i eit eige selskap som ikkje er registrert i Frivilligregisteret, der idrettslaget har den bestemmande innverknaden.
  • Andre frivillige verksemder som ikkje er registrerte i Frivilligheitsregisteret: Kan få støtte dersom verksemda hovudsakleg er driven av frivillig arbeidsinnsats og det ikkje er høve for privatpersonar eller kommersielle føretak å oppnå økonomiske fordeler frå verksemda.
    • Med frivillig arbeidsinnsats meiner vi menneske som bidrar utan løn eller anna form for økonomisk motyting, verken no eller i framtida. Til dømes kan frittståande kyrkjelyds- og forsamlingshus under Den norske kyrkja, grendehus og lokale forsamlingshus søke om dei hovudsakleg er drivne av frivillig arbeidsinnsats

Slik søkjer du

Les meir om vilkåra og send digitalt søknadsskjema på Lotteri- og stiftelsestilsynet sine nettsider. 

Søknadsfrist er 16. november 2022, klokka 13. 

Har du spørsmål?
Kontakt kultursjef Erik Vangsnes på telefon 472 77 146 eller send e-post

Til toppen