Lyst til å vite meir om planarbeidet vårt?

Fransisco Munoz / Bjørnafjorden kommune

Torsdag 1. desember klokka 8.30 inviterer Bjørnafjorden næringsråd til frukostmøte kor planarbeid og rekkefølgjekrav i Bjørnafjorden kommune står på menyen.

Ein ny områdeplan for Osøyro er nettopp lagt ut til offentleg ettersyn.

Denne planen kan bety nye utbyggingar og utvikling av områda planen dekker, på same måte som dei fleste andre område- og reguleringsplanar. Utbygging og utvikling utløyser samstundes gjerne behov for ny infrastruktur, som veg, vatn og avløp.

Neste torsdag vil Bjørnafjorden kommune og Stiegler Advokatfirma fortelje meir om dette:

  • Kva moglegheit har kommunen til å stille rekkjefølgjekrav i områdeplan og detaljreguleringsplanar?
  • Kva betyr det for eventuelle utbyggingsavtalar?
  • Kva for moglegheiter og avgrensingar ligg i planen?
  • Korleis heng det heile saman?
  • Korleis kan du medverke og påverke?

Sjå fullt program og meld deg på her

Stad: Gründerparken, Torggata 14, Osøyro
Tid: kl. 8.30-10.30 (frukost og mingling frå kl. 8)
Pris: Gratis for medlemmar/200kr for ikkje-medlemmar

Til toppen