Massevaksinering onsdag 7. september
Illustrasjonsfoto. Mufid Manjun, Unsplash
FHI anbefaler no fjerde dose koronavaksine til alle personar over 65 år. Det blir ny runde med massevaksinering for alle over 65 år som ønskjer fjerde vaksinedose i Oshallen og Fjord'n senter neste onsdag, 7. september.
Dersom du er under 65 år og manglar 1.-3. dose, kan du òg komme til massevaksineringsstasjonane.
Les også: Oppstart av vaksinasjon fra aldersgruppen 65-74 (fhi.no)
- Dersom du er over 65 år og ønskjer fjerde vaksinedose, kan du bestille time til massevaksinering.
- Det må vere minimum 4 månader sidan sist koronavaksinedose, og minimum 3 veker sidan gjennomgått koronainfeksjon.
Bestill time til massevaksinering
Oshallen og Fjord'n senter onsdag 7. september, frå klokka 8.30. Kor lenge vaksineringa held på, avheng av kor stor pågangen er.
- Bestill time på helsenorge.no (logg inn med Bank-id)
- Ring telefon 913 58 649. Telefontid er måndag og tysdag, kl. 12-15.30
- Du kan òg berre komme innom i opningstida på massevaksinasjonsstasjonane, men då må du gjerne rekne med litt ventetid.
Velkommen!
Du kan òg ta koronavaksine hos fastlegen eller på eitt av apoteka som tilbyr vaksine.
Les meir her: Ta koronavaksine
Publisert av Ragnhild Stende Bjaadal
Sist endra 31.08.2022 13:58