Hausten 2020 innførte demensomsorga i Bjørnafjorden kommune eit pilotprosjekt med MinMemoria, med ti lisensar.
No får 50 nye brukarar tilgang til verktøyet, og avdelingar på Luranetunet og Fusa bu- og behandlingssenter er inviterte med i prosjektet.
Demenskoordinator i Bjørnafjorden kommune, Sølvi Bjørnevoll Fagertveit.
Opplæringa er i gang
Tysdag denne veka var pårørande samla til informasjonsmøte og opplæring i bruk av MinMemoria på Luranetunet og via Teams. Helsefagelevar på VG2 ved Os vidaregåande skule har òg fått opplæring i MinMemoria, og kan hjelpe pårørande og tilsette når dei skal ut i praksis.
Trygge relasjonar og gode øyeblikk
- Brukararne sine ressursar kan lett forsvinne i dei daglege gjeremåla. Vi treng eit verktøy for å knyte dialogen og dei gode tenestene saman, seier demenskoordinator i Bjørnafjorden kommune, Sølvi Bjørnevoll Fagertveit.
- MinMemoria gir tilsette i omsorgstenestene og pårørande noko å snakke om, og moglegheit til å skape trygge relasjonar og gode øyeblikk. Dette kan sikre at dei tilsette får nok kunnskap og kjennskap til å skape ein god kvardag for tenestemottakarar med demens, seier ho.
Alle i familien kan bidra med bilete og minne
Det er dei pårørande som lagar profilen i MinMemoria. Profilen handlar om livshistoria til brukaren og kva som er viktig for han eller henne. Dei tilsette brukar denne som utgangspunkt for å skape gode samtalar og meiningsfylte aktivitetar i kvardagen. Alle i familien kan få eigen tilgang til Min Memoria og bidra med sine bilete og minne.
- Dette gjer det enklare å kommunisere om dei små, men svært betydningsfulle kvardagshendingane. Familien kan òg sende bilete og helsingar, og vi kan dele øyeblikk frå det som skjer hos oss i omsorgstenestene, seier Bjørnevoll Fagertveit.
Les også: MinMemoria bidrar til at Trygve (78) kan bo hjemme lengre.