Meld deg på kurs i kvardagsglede!

Klikk for stort bileteFoto: Unsplash, Noah SillimanKva meiner vi eigentleg med kvardagsglede? Det er ikkje nokon fiks ferdig definisjon, men det handlar kort fortalt om å ha det bra i kvardagen.

Kvardagsglede handlar om dei små, enkle tinga du sjølv kan gjere i din eigen kvardag for å oppleve meistring, glede og meining. Friskliv og meistring tilbyr kurs i kvardagsglede som tar for seg konkrete øvingar som kan gi auka kvardagsglede!

Fem grep for å skape kvardagsglede

Gjennom kurset utforskar vi korleis du kan bruke desse fem grepa for å skape kvardagsglede. I løpet av kurset vil du sette av tid til deg sjølv og til aktivitetar som gir glede. Fordi glede smitter, vil det også kunne bidra til andre si glede!

Klikk for stort bileteFem grep til kvardagsgeldePraktisk informasjon

Kurset er ikkje eit terapikurs for å meistre nedstemthet eller depresjon. Det er heller ikkje eit forum for å arbeide med sorg eller tunge belastningar. Det kan likevel styrke deg i ein tung kvardag – og virke førebyggande.

Tid: Kurset går over seks tysdagar frå kl. 10.00 – 12:00
Kursdagar hausten 2021: 5. oktober (oppstart), 12. oktober (kursdag 2), 26. oktober (kursdag 3), 2.november (kursdag 4), 9. november (kursdag 5) og 16. november (kursdag 6). 

Stad: Osbadet 2. etg
Kursavgift: kr 400,- (inkl. kursbok og enkel servering)

Det er maks 8 deltakarar på kvart kurs.

Etter kvar økt får du ei liten øving til neste gang, som tar utgangspunkt i dine eigne erfaringar og refleksjonar.

Påmelding

Meld deg på kurset på Friskus.com 

Du er velkommen til å kontakte Friskliv og meistring på e-post om du har spørsmål om kurset.
 

Sjå video om kurset Kvardagsglede

Til toppen