Bestill time for tredje dose koronavaksine no - men berre dersom det har gått lang nok tid sidan andre dose

Klikk her for å bestille time til massevaksinasjon i Oshallen og Fjord'n senter kvar onsdag

  • 65 år og over: Minimum fem månader etter andre dose.
  • 18-64 år: Minimum seks månader etter andre dose.

Du kan òg bestille time ved å ringe 913 58 649
 

Melding frå Bjørnafjorden brann og redning: Feil ved utsending av e-post

Måndag 22. november sende Førebyggande avdeling i Bjørnafjorden brann og redning ut ein e-post i samband med kartlegging av nye og gamle eldstader.

Utsendinga blei gjort digitalt gjennom eit nytt fagsystem som avdelinga tok i bruk tidlegare i år. I utsendinga blei det avdekt fleire systemfeil som mellom anna gjorde at alle mottakarane sine e-postadresser var synlege for alle som fekk e-posten.
Vi beklagar dette.
Vi jobbar fortløpande med systemleverandøren for avdekke årsaka til feilen, og ikkje minst for å unngå slik feil i framtida.

Til toppen