Nasjonal test av nødvarsel onsdag 12. juni

Nødvarsel på mobil blir testa i heile landet. Her illustrasjonsfoto frå test i 2023. Foto: DSB

Onsdag 12. juni 2024 klokka 12 testar politiet nødvarsel på mobil over heile landet. Samtidig testar Sivilforsvaret varslingsanlegga med signalet "Viktig melding – søk informasjon". 

Denne nasjonale varslingsprøva blir med andre ord gjennomført på samme måte som testane i januar 2024 og i juni 2023.

Mange millionar mobiltelefonar kjem til å pipe og vibrere klokka 12 onsdag 12. juni. Samtidig kjem det opp ein tekst på skjermen som forklarer at dette er ein test. 

Les varselet, følg rådet

Alvorlege hendingar kan oppstå brått. Då er det viktig at du raskt får informasjon om kva som skjer og kva du bør gjere. Det betyr at om det oppstår ein alvorleg situasjon med akutt fare for liv og helse der du er, så kan du få eit varsel med viktig informasjon på mobiltelefonen din. Nødvarselet består av ein kort tekst som fortel deg kva som skjer og kva du bør gjere. For å fange merksemda di vil telefonen vibrere og spele av ein høg, sireneaktig lyd. Når du får eit nødvarsel, skal du lese varselet og følge rådet.

Kven får testen 12. juni?

Alle telefonar som har dekning på 4G/5G mottar varselet. Du får varsel sjølv om telefonen din står på lydlaus, lav lyd eller har slått av varsling. Mobilar som er i flymodus eller heilt avslått, får ikkje nødvarsel. Pass på at telefonen din er oppdatert med nyaste programvare, elles kan det hende du ikkje mottar varsel. 

Førebu andre på testen 

Informer gjerne familiemedlemmer eller andre som kanskje ikkje har fått med seg at det kjem ein test. Det kan vere eldre, barn eller personar som ikkje forstår norsk. Det finst informasjonsmateriell på ulike språk. 

Les meir om nødvarsel

In English: Test of the Emergency Alert System

Informasjon på fleire språk

Arabisk



 

 

Engelsk

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Litauisk

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Polsk

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ukrainsk