No blir det lengre lyst langs kommunale vegar

På grunn av eit budsjettvedtak om innsparing, har veglysa langs ei rekke kommunale vegar vore sløkte mellom klokka 21 og klokka 7.30. Etter fleire tilbakemeldingar om trafikkfarlege mørke strekningar, blir det no endringar.  

Veglysa langs dei aktuelle strekningane vil no først sløkke klokka 23, og bli tende att klokka 6.

Endringane skjer fortløpande. Meir enn 50 ulike lysanlegg må justerast, men innan fredag 13. desember skal alle veglysa vere stilte inn til ny tid.