No kan innbyggarane søke rettleiing for å auke den digitale kompetansen

Klikk for stort bileteTysdag 28. september startar vi opp eit rettleiingstilbod til alle innbyggarar som vil auke sin grunnleggande digitale kompetanse. 

Dagens samfunn stiller heilt nye krav til vår digitale kompetanse. Koronapandemien har gjort det ekstra tydeleg kor sårbart det er for dei som ikkje tar del i den teknologiske utviklinga.​ Når det sosiale fellesskapet er flytta over til digitale plattformar, vil det påverke livskvaliteten vår dersom vi ikkje er kopla på. Mangel på grunnleggande digital kompetanse kan bli eit folkehelseproblem og vil skape utanforskap.

Dette vil Bjørnafjorden kommune gjere noko med, og ønskjer at alle skal tileigne seg grunnleggande digitale ferdigheiter og kunne ta i bruk offentlege digitale tenester. ​

Kven er tilbodet for?

Tilbodet er for alle som har eit behov for å styrke sin digitale kompetanse. Du kjem som du er, på ditt nivå. Målet med tilbodet er å redusere digitalt utanforskap og auke den generelle kompetansen i kommunen.​

Ein til ein opplæring

Rettleiinga blir gitt ein til ein og er tilpassa dine behov og ønskjer. Du vil få tildelt ein ressursperson som skal sitte saman med deg under opplæringa. Ei opplæringsøkt er 45 minutt og du får tildelt eit klokkeslett i tidsrommet som er sett av til opplæringa. Vi har engasjert fire dyktige ungdommar til opplæringa som alle er elevar ved Os gymnas og Os vidaregåande skule.

Du kan booke fleire timar utover hausten, og tilbodet er gratis. Vi setter opp dagar i Eikelandsosen ved behov. Meld din interesse, så kjem det tilbod til deg der.

Kva kan eg få hjelp til?  

Du får individuell rettleiing som er tilpassa ditt nivå, behov og ønskje. Du kan få hjelp og rettleiing i bruk av smarttelefon, nettbrett eller datamaskin.   

Eksemplar på kva type opplæring du kan be om:

  • Generell hjelp/opplæring til korleis bruke mobil, nettbrett eller PC
  • Lær å bruke e-post
  • Lær å bruke internett
  • Lær å bruke MinID og BankID
  • Sikkerheit og passord
  • Netthandel
  • Skype
  • Sosiale media
  • Enkel tekstbehandling

Praktisk informasjon


Utstyr: Ta med deg din private telefon, nettbrett eller PC.

Dag/tid: Rettleiingstilbod er to dagar i veka (tysdag på Os eldresenter og torsdag på hovudbiblioteket).
Oppstart er tysdag 28. september.

Tysdag mellom klokka 15.30 – 19.30
Stad: Os eldresenter, Hamnevegen 40 5200 Os

Torsdag mellom klokka 14.30 - 18.30
Stad: Bjørnafjorden hovudbibliotek på Os, Holtbrekka 7, 5200 Os

Vi tilbyr kaffe/te og noko søtt å bite i til alle som deltek.

GÅ TIL PÅMELDING (Friskus)

Du kan óg melde deg på ved å ringe eller sende tekstmelding til Frivilligsentralen 916 72 910 / 468 40 240

Les óg: Vi treng alle eit digitalt løft

Til toppen