Oppdatert: 5. og 7. mars: Sju nye smittetilfelle av covid-19 i Bjørnafjorden kommune


Klikk for stort bileteTre personar fekk påvist covid-19 fredag 5. mars, og fire personar i går, søndag 7. mars.

Opphavleg mangla dei tre smittetilfella frå fredag i oversikta. Artikkelen er no oppdatert.

Fredag:

  • Kvinne i 40-åra. Kjend smitteveg i annan kommune. Nærkontaktar varsla.
  • Barn i barneskulealder.
  • Barn i Flåten naturbarnehage.

Søndag:

  • Kvinne i 60-åra. Kjend smitteveg, samband med utbrotet i Flåten naturbarnehage.
  • Kvinne i 50-åra. Kjend smitteveg, samband med utbrotet i Flåten naturbarnehage.
  • Mann i 20-åra. Ukjend smitteveg. Nærkontaktar er varsla.
  • Kvinne i 20-åra. Kjend smitteveg. Nærkontaktar er varsla.

- Totalt har no 20 personar testa positivt i samband med utbrotet i Flåten naturbarnehage sist veke, opplyser assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale.

Slik går du fram for å teste deg for korona

Klikk her for å bestille time for testing

Du kan òg ringe 475 08 412 for å avtale tid for test. Telefontider: måndag til fredag kl. 8.30-11.45/12.30-15. Laurdag, søndag og heilagdagar kl. 9.15-10/11-13/14-16.30. 

Her kan du bli testa

  • Koronalegevakta i Røde Kors-huset i Kolskogheiane 8, 5200 Os. Testing alle dagar.
  • Teststasjonen i den gamle ungdomsskulen i Eikelandsosen, Brakabygda 33, 5640 Eikelandsosen. Testing måndag, onsdag og fredag. 

Du kan ikkje møte opp utan timeavtale.


 

Til toppen