Oppdatert: AstraZeneca-vaksinen er sett på vent i Noreg

Klikk for stort bilete Forskning.no Koronavaksinering med AstraZeneca-vaksinen er sett på vent i Noreg etter rapportar om moglege alvorlege biverknader i form av blodpropp hos nokre som har fått denne vaksinen i Danmark. 

Det er ikkje bevist at det er samanheng mellom vaksinen og desse moglege biverknadene, men Folkehelseinstituttet har stansa vidare bruk av denne vaksinetypen medan saka blir undersøkt.
Les meir om dette på fhi.no

Får ikkje nye dosar AstraZeneca-vaksine

- Vi vil ikkje motta nye dosar av AstraZeneca-vaksinen inntil vidare. Vi har nokre vaksinedosar liggande på Luranetunet og Fusa bu- og behandlingssenter, men desse vil ikkje bli brukte før FHI eventuelt gir klarsignal, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

I Bjørnafjorden kommune har helsepersonell fått AstraZeneca-vaksinen. Ingen har meldt om alvorlege biverknader.

Øvrige endringar i vaksinasjonsplanen

Det er nokre endringar i vaksinasjonsplanen, i tråd med nye retningslinjer frå myndigheitene.

  • 240 personar over 78 år har fått tilbod om 1. dose av BioNTech/Pfizer-vaksinen onsdag 17. mars. Dei vil få 2. dose etter seks veker, ikkje etter tre veker, slik praksisen har vore hittil.
  • Dersom ein person tidlegare har vore smitta av covid-19, skal han eller ho berre få éin dose med vaksine, minimum tre månader etter smitte. 
Til toppen