Oppdatert: Tredje vaksinedose til immunsvekka personar

Klikk for stort bilete Mat Napo, Unsplash Personar med alvorleg svekka immunforsvar kan no få ei tredje dose koronavaksine. 

INFORMASJON OPPDATERT: 17. september 2021

Det er to grupper som førebels får tilbodet. FHI har bestemt at det primært er sjukehusspesialistane som skal identifisere pasientane.
Dersom pasienten allereie har tilfredsstillande dokumentasjon på diagnosen, kan han/ho sjølve bestille time på vaksinasjonskontoret.

Sjå oversikt over kva type immundempande medisinar som er aktuelle ved tilbod om dose 3.

Gruppe 1:

  • Organtransplanterte 
  • Personar med alvorleg og moderat medfødd immunsvikt
  • Personar med alvorleg nyresvikt og behov for dialyse
  • Personar med redusert immunforsvar som følgje av HIV-infeksjon

Personar i gruppe 1 som har fått brev om tredje vaksinedose frå sjukehuset eller som har anna dokument frå sjukehus som viser diagnosen, kan ringe vaksinekontoret på telefon 913 58 649 for å avtale tid og stad. Dersom du tilhøyrer gruppe 1 og ikkje har dokumentasjon på diagnosen din, kan du ta kontakt med fastlegen din.

Gruppe 2:

  • Personar i aktiv behandling mot kreft
  • Personar i annan betydeleg immunsuppressiv behandling
  • Personar med sterkt nedsett immunforsvar av annan årsak

Personar i gruppe 2 som har fått brev om tredje vaksinedose frå sjukehuset, eller som kan vise dokumentasjon på medisinbruk (journalnotat, resept/e-resept, medikamentforpakning) der namnet på pasienten går klart fram, kan ringe vaksinekontoret på telefon 913 58 649 for å avtale tid og stad.
Andre må ta kontakt med behandlande spesialist på sjukehuset.

Til toppen