Påminning: Kva driv barn og unge i Bjørnafjorden med på fritida? Svar på barnefamilieundersøkinga 2022

Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune Vestland fylkeskommune inviterer alle barnefamiliar i Bjørnafjorden kommune - og resten av Vestland - til å delta i ei undersøking om barn og unge si fritid. 

Kunnskapen skal brukast til å legge til rette for betre tilbod, og blir eit viktig verktøy i arbeidet med å skape gode lokalsamfunn og nærmiljø.

Du får e-post eller SMS

Lenke til undersøkinga er sendt ut på e-post eller SMS til alle med folkeregistrert adresse i Bjørnafjorden og resten av Vestland som har barn i alderen 3-17 år.
Dei føresette blir spurde om barn og unge si fritid,  si eiga rolle og om medievanar. Det tar om lag 15 minutt å svare på undersøkinga.

Kvifor er det viktig å svare?

Resultata frå undersøkinga vil gi eit godt kunnskapsgrunnlag for kommunen, institusjonar og organisasjonar innan kultur, idrett og friluftsliv. Undersøkinga vil vere relevant for folkehelsearbeidet, drift og planlegging innan kommunen sine ansvarsområde som samfunnsutvikling, oppvekst, helse, velferd og kultur.

Barnefamiliepanelet

Deltakarane i undersøkinga blir ein del av Vestland sitt barnefamiliepanel. I Bergen kommune har barnefamiliepanelet gått i tre omgangar sidan 2019. I år er undersøkinga for første gang utvida til å dekke alle kommunane i Vestland fylke.

Vil du vite meir om undersøkinga og barnefamiliepanelet? Sjå vlfk.no/barnefamilie

Til toppen