Parkering i Os sentrum frå oktober 2023

Giskavollen P-hus - Klikk for stort bilete

Frå 1. oktober 2023 vil det bli innført eit nytt parkeringssystem med skiltgjenkjenning på parkeringsplassane framfor rådhuset og i Giskavollen p-hus.

Her finn du informasjon om pris, parkeringsavtale og korleis løysinga fungerer.

Det nye parkeringssystemet som blir innført er utvikla av VestPark og heiter UNUM. Dette er ein komplett parkeringsløysing med sømlaus, billett-fri og barrierefri parkering basert på skiltgjenkjenning (ANPR).

Når du køyrer inn på parkeringsområdet blir skilta på bilen din lest av kamera. Du har då gyldig parkering og kan stå parkert gratis i 2 timar i døgnet utan å måtte gjere noko meir.

Står du parkert i meir enn to timar i døgnet må du betale for den medgåtte meirtida. Dette kan du gjere ved hjelp av UNUM-appen (lastes ned frå Google Play eller App Store) eller ved hjelp av betalingsterminal som er plassert på parkeringsområdet.

Ved Byvegen 2 (Circle K-tomta) vil tilsvarande parkeringsløysing starta opp frå 1. november 2023.

Pris*:

Alle dagar, 06:00 - 18:00 er det 2 timar gratis parkering i døgnet, deretter kr 20,- per time.

Parkering på kvardagar mellom kl 18:00 og 06:00 er gratis.

I helger (laurdag og sundag) og på helligdagar er det avgiftsbelagt parkering mellom kl 09:00 og 15:00. Dei to første timane er gratis, deretter er prisen i dette tidsrommet kr 20,- per time. To timar gratis gjeld i døgnet.

Parkering mellom kl 15:00 og 09:00 i helger (laurdag og sundag) og på helligdagar er gratis.

Maksimal døgnpris er kr 150,-

Parkeringsavtale:

Ein kan opprette to ulike parkeringsavtalar på Bjørnafjorden kommune sine parkeringsområder. Førebels gjeld parkeringsavtalane for Giskavollen P-hus (ikkje parkeringsplassane framfor Rådhuset)

  • Månadskort - kr 600,- inkl mva per månad
  • Årskort - kr 6 000,- inkl mva per år

Avtalane blir inngått og administrerast gjennom UNUM-appen.

*Takstane kan bli endra

Kontakt:

For support i UNUM-appen, betaling for parkering eller reglar som gjeld for parkering, kontakt VestPark AS

Tlf: 55 60 29 00

Epost: kundesenter@vestpark.no

For utfyllande informasjon om ordninga klikk her (PDF, 606 kB)