Redusert betaling i barnehage og SFO

Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune På grunn av pandemien, har kommunale barnehagar og SFO i Bjørnafjorden i perioden 12. desember 2021 til 13. januar 2022 hatt redusert opningstid (kl. 8-15.30).

 

Sjølv om lovverket i utgangspunktet seier at føresette likevel skal betale for full tid, vel Bjørnafjorden kommune å redusere betaling for denne perioden. Avgjerda er tatt fordi vi i denne perioden har hatt ein betydeleg reduksjon i tilbodet. Reduksjonen gjeld ikkje for dei som har hatt utvida tilbod på grunn av samfunnskritiske yrke.

Reduksjonen kjem på faktura i mars. 

Redusert betaling for kommunal barnehageplass

Reduksjon på kr 283 ,- for 100 % plass (barnehageplass over 41 timer per veke).

Heiltidsplass betyr avtalt opphaldstid på minst 41 timer per veke, jamfør § 1 i forskrift om foreldrebetaling i barnehagar. Vi tar utgangspunkt i 41 timer per veke i reknestykket for refusjon. Redusert opningstid var på 37,5 time, og vi refunderer for 3,5 time per veke.

Private barnehagar kan søke refusjon til kommunen på same grunnlag. Dersom du har barnehageplass i ein privat barnehage, vil du få informasjon om eventuell prisreduksjon direkte frå barnehagen din.

Redusert betaling for SFO

Reduksjon på kr 823,- for 100 % plass.

Til toppen