Resepsjonen i Kommunetorget er stengt i veke 27 og 28

Ragnhild Stende Bjaadal På grunn av ombygging til mellombels NAV-mottak, vil resepsjonen i Kommunetorget på Rådhuset vere stengt frå og med 4. til og med 15. juli 2022. 

Resepsjonsområdet vil vere avstengt med gitter.
Hovudinngangen til Rådhuset og gangen utanfor resepsjonsområdet er open kl. 8-15.30. Inngangen til helsestasjonen er tilgjengeleg som vanleg.

  • Sentralbordet held ope som vanleg kvar dag frå klokka 10 til 14.
  • Dersom du har avtale med nokon på Rådhuset, møter dei deg i gangen utanfor resepsjonsområdet til gitt tidspunkt.
  • Dersom du ikkje har avtale, kan du bestille time ved å bruke informasjonsskjermen som står i gangen eller bestille time her.
  • Post til kommunen kan du legge i postkassen i gangen. Posten blir handert kvar dag, som normalt.
  • Vi vil henge opp plakatar med informasjon om kven besøkande skal ta kontakt med for levering av pakkar, betalingar og andre førespurnader.

Kvifor ombygging?

Frå august 2022 skal resepsjonen i Kommunetorget også fungere mellombels som NAV-mottak, i påvente av nye, permanente NAV-lokale i Næringsparken. Sjølv om dette er ei mellombels løysing, stiller det nokre krav til lokalet som ikkje er oppfylte i dag. Dette er årsaka til at lokalet må byggast om før NAV kan ta det i bruk.

Vi beklagar ulempene ombygginga gir, og ber om forståing for situasjonen.

Til toppen