Røyrleggar? Ansvarleg søkjar? Velkommen til informasjonsmøte om ny søknadsprosess for vatn og avløp

Fransisco Munoz / Bjørnafjorden kommune

Samferdsel og VA i Bjørnafjorden kommune inviterer profesjonelle aktørar til informasjonsmøte i kommunestyresalen i Rådhuset, tysdag 14. mars kl. 15-17.

Den nye søknadsprosessen for vatn/avløp/teknisk plan m. fl. inneheld fleire nye rutinar og skjema.
Målet med den nye prosessen er å sikre at fullstendige søknader blir leverte med éin gong - og dermed raskare og meir effektiv saksbehandling.

Agenda

  1. Informasjon om nye skjema, rutinar og informasjon på kommunen si heimeside
  2. Informasjon om oppfølging av spreidd avløp

Representantar for VA og byggesak vil informere.

Påmelding

Påmelding innan 13. mars på e-post til hilkib@bjornafjorden.kommune.no

Vel møtt!

Kontakt

Hilde Anita Kibsgaard
Ingeniør
Mobil: 90833805
Til toppen