Set i verk tiltak ved Eikelandsosen legekontor i sommar

Legedekninga ved Eikelandsosen legekontor er kritisk. Legekontoret får derfor hjelp frå Moberg legesenter i sommar.

Situasjonen er kritisk ved legekontoret og legevakta i Eikelandsosen.

- Vi er no i ei akutt krise knytt til legemangel i Eikelandsosen. Frå måndag 6. juni vil vi mangle to legar. Dette er svært kritisk og vil gi store konsekvensar for drift av både legekontoret og legevaktsentralen. Som ein konsekvens av dette, vil 1900 pasientar stå utan fastlege, fortel Monica Totland Melvold, kommunalsjef for helse og velferd.

- Takksam for at Moberg-legane trør til

Som ei mellombels løysing fram til 1. september, vil legane ved Moberg legesenter trø til ved Eikelandsosen legekontor.

- Eg er svært takksam for at Moberg legesenter har tilbydd seg å hjelpe med legedekning fleire dagar i veka frå 6. juni til 31. august, slik at vi kan oppretthalde drift for dei pasientane som treng oppfølging og for akutte timar. Pasientane ved Eikelandsosen legekontor må framleis ta kontakt og bestille time som normalt om dei treng legehjelp, understrekar Melvold.

Ser på ulike løysingar for legevakta

Legevaktstasjonen i Eikelandsosen er også råka av mangel på legar.

- Vi vil prøve å oppretthalde drift av legevaktstasjonen så langt det lar seg gjere, men ser at det vil bli svært utfordrande å bemanne med lege på alle vakter. Vi ser på eventuelle andre løysingar.
Om nokon treng akutt legehjelp på kveld og i helg, er det berre å ringe legevakta på 116 117. Nokre kveldar og helgar kan det vere at ein må reise til Moberg for legetilsyn.
- Raud respons (livstruande situasjonar) vil bli handterte i tråd med akuttmedisinforskrifta med utrykning frå ambulanse/firstresponder og lege, opplyser Melvold.