Siste dag for massevaksinasjon er onsdag 29. september

Klikk for stort bilete Mufid manjun, Unsplash Har du ikkje tatt koronavaksine enno? 
Neste onsdag, 29. september, er siste moglegheit for første vaksinedose i Oshallen og Fjord'n senter. 
Og som ein ekstra bonus står både Pfizer- og Moderna-vaksinen på menyen denne dagen.
Du kan sjølv velje kva for ein av vaksinetypane du vil ha, sjølv om begge typane er like gode og ein kombinasjon går heilt fint.

NB:16- og 17-åringar som ventar på dose to i veke 42/43, skal framleis få denne i Oshallen/Fjord'n senter. 

Når massevaksinasjonen er over, vil legekontora overta oppgåva med vaksinasjon av eigne pasientar. 

Ta vaksinen!

- Dersom du vel å ikkje vaksinere deg, må du vere førebudd på at du har større risiko for å bli smitta og sjuk av koronaviruset. Viruset kjem ikkje til å forsvinne med det første, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

Siste massevaksinasjonsdag, onsdag 29. september

  • Oshallen og Fjord'n senter/Eikelandsosen legekontor kl. 8.30-11.30.
  • Bestill time eller drop in. Dersom du har bestilt time på førehand, blir det mindre ventetid.
Til toppen