Skal uttale seg om E134 – arm til Bergen

Bjørnafjorden kommunestyre skal på sitt møte 16. november mellom anna uttale seg om E134 mellom Bergen og Oslo. Dei skal og velje representantar til mange utval og behandla fleire rekneskapsrapportar.

Klubbe som ordførar kan bruke i behandling av saker. - Klikk for stort bilete Tingey Injury Law Firm/Unsplash

Den viktigaste er Tertialrapport 2, som viser korleis det står til med økonomien i kommunen i andre tertial, altså frå mai og ut august 2023. Kommunestyret skal også ta stilling til to avkastningsrapportar og to sluttrapportar frå investeringsprosjekt.

Kommunestyret får til behandling kommunedelplan for vassforsyning og avlaup for års 2022-2034, eit forslag om å konstituere tidlegare kommunalsjef Torgeir Sæter som kommunedirektør, og eit forslag til tildeling av sekretariatstenester for kontrollutvalet.

Dessutan skal kommunestyre velje representantar til


Kommunestyret skal også ta stilling til ei ny budsjettramme for microhus og behandle ein interpellasjon.

Sjå alle sakene til behandling i kommunestyret

Du kan følge med på møtet på kommune-TV.