Smittesporing: Var du på Spar på Fjord'n senter eller Bunnpris Eikelandsosen måndag-onsdag?

Klikk for stort bileteEin person som fekk påvist den britiske varianten av koronaviruset i dag, fredag, skal ha vore innom Spar Eikelandsosen (Fjord'n senter) og Bunnpris Eikelandsosen fleire gonger i perioden måndag 12.-onsdag 14. april. 

Vedkommande var då i smittsam fase.

Smittevegen er ukjend og sporing av nærkontaktar pågår.

 

- Dersom du har vore i desse butikkane måndag, tysdag eller onsdag denne veka, skal du vere ekstra merksam på eventuelle symptom og bestille test om du mistenker smitte, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

Les også: - Vi veit at det er skjult smitte der ute.

Slik går du fram for å teste deg 

Klikk her for å bestille time for testing

Du kan òg ringe 475 08 412 for å avtale tid for test. Telefontider: måndag til fredag kl. 8.30-11.45/12.30-15. Laurdag, søndag og heilagdagar kl. 9.15-10/11-13/14-16.30. 

Her kan du bli testa

  • Koronalegevakta i Røde Kors-huset i Kolskogheiane 8, 5200 Os. Testing alle dagar.
  • Teststasjonen i den gamle ungdomsskulen i Eikelandsosen, Brakabygda 33, 5640 Eikelandsosen. Testing måndag, onsdag og fredag. 

Du kan ikkje møte opp utan timeavtale.

Til toppen