Smitteutbrot blant ungdom gir gult nivå på vidaregåande skular i Bjørnafjorden kommune

Fusion Medical Animation, Unsplash To ungdomsfestar i Bjørnafjorden kommune sist fredag har så langt ført til 16 smittetilfelle. Eit høgt og uklart tal på nærkontaktar til dei smitta, gjer smittesporingsarbeidet utfordrande. 

Gult nivå og ekstra smittesporing

- KKL ((kommunal kriseleiing) har vore samla fredag kveld for å diskutere og iverksetje tiltak.  Vi har òg hatt møte med Statsforvaltaren og representant for fylkeskommunen. For å få ro og oversikt over situasjonen, har Bjørnafjorden kommune, i samråd med skuleeigar Vestland fylkeskommune, vedtatt å innføre gult smittevernnivå på tre vidaregåande skular i kommunen vår: Os gymnas, Os vidaregåande skule og Fusa vidaregåande skule, frå måndag 16. august, seier ordførar i Bjørnafjorden kommune, Trine Lindborg.
- I tillegg har vi auka smittesporingskapasiteten, slik at vi raskare kan nå ut til nærkontaktar. Teststasjonen på Os-sida vil vere open søndag 15. august, slik at endå fleire kan teste seg før skulestart, seier Lindborg.

Ordførar i Bjørnafjorden kommune, Trine Lindborg (Ap) Silje Lepsøy Ny regel gir meir testing, mindre karantene

Frå 16. august innfører regjeringa ein nasjonal regel om at barn og unge under 18 år ikkje må i smittekarantene, med unntak av om dei er husstandsmedlemmer eller tilsvarande nære kontaktar til nokon som er smitta. Dette betyr til dømes at dersom ein elev får påvist smitte, må dei andre elevane i klassen testast hyppig over fleire dagar, men dei må ikkje lenger i 10-dagars smittekarantene.

- Dei vidaregåande skulane vil stå for testinga av eigne elevar, i tett samarbeid med kommuneoverlegen i Bjørnafjorden, seier Lindborg.

Til toppen