Snart får du som bur på Fusa-sida tilbod om spann til matavfall

Spann til matavfall - Klikk for stort bileteNo kan matavfallet ditt gjere nytte for seg! BIR

I løpet av kort tid vil BIR tilby henting av matavfall frå alle husstandar i Bjørnafjorden kommune. No er turen komen til Fusa-sida av kommunen.

Ordninga er inkludert i renovasjonsgebyret.

Huseigarar vil før jul motta ein SMS frå BIR med lenke til eit bestillingsskjema for spann. Det er ikkje mogleg å bestille før du har fått denne SMS-en.

Utrulling (bokstaveleg talt) av spann på Fusa-sida skjer over nyttår. Det vil ta fleire veker før alle har fått spann og innsamlinga startar opp.
BIR sender ny melding når du kan ta spannet i bruk og det er klart for første tømming.

Tilbodet om matavfallsspann gjeld i første omgang registrerte huseigarar som allereie har eit vanleg 140 liters restavfallsspann. Dersom du deler avfallsløysing med fleire andre bueiningar, vil BIR kontakte deg på eit seinare tidspunkt.

Les meir på bir.no/matavfall

BIR AS er eigd av kommunane Askøy, Bergen, Bjørnafjorden, Kvam, Osterøy, Samnanger og Vaksdal, og handterer avfallet frå hushaldningskundane som bur i desse kommunane.

Til toppen