Sideleidningar i tilsluttande område vil bli spylt på dagtid, torsdag 25. og fredag 26. mai. Dette blir gjort i vanleg arbeidstid mellom kl. 08.00 og 15.00.
Variasjon og reduksjon i trykk kan forekomme, og dei som ligg høgast oppe kan oppleve at vatnet forsvinn i kortare periodar.
Spylinga vil og losne ein del partiklar i røyra, og vatnet kan bli misfarga. Vi oppmodar abonnentar til å bruke så lite vatn som mogeleg når spylinga pågår. Slik unngår du å få for mykje av det misfarga vatnet inn i huset.
Vi anbefaler at du ikkje bruker vaskemaskin i dei aktuelle periodane. Om vatnet er misfarga etter spylinga, tapp med kaldt til det er klart. Rens eventuelt siler.